Møre og Romsdals busetjingshistorie går tilbake til dei første steinalderbusetjingane i Noreg . Fosnakulturen har namnet sitt frå Kristiansund , der dei første funna frå eldre steinalder vart gjorde i 1909. Sidan har ei rekkje funn vorte gjord, dei aller fleste i ytre strøk.
I 1801 hadde Møre og Romsdal 57 300 innbyggjarar eller 6,5 prosent av den samla befolkninga i landet. Sidan har fylkets del av folkemengda i landet – med unntak av perioden 1845–1875 – vist nedgang. Delen var 6,4 prosent i 1875 og 6,1 prosent i 1900. Bak nedgangen i denne perioden ligg flyttinga til dei større byområda her i landet og framfor alt utflyttinga til Amerika. Nedgangen i fylkets del av befolkninga i landet heldt fram under det økonomiske tilbakeslaget i mellomkrigstida, men vart deretter følgt av ein lang periode med ein relativt sett stabil del av befolkninga i landet. Fylket hadde såleis 5,9 prosent av befolkninga i landet i 1950 og 5,8 prosent i 1970. Sidan har delen gått tilbake. Den var sokken til 5,4 prosent i 2001 og 5,1 prosent i 2015, og i 2020 var delen sokken til 4,9 prosent (med ny fylkesinndeling).
Sjølv om Møre og Romsdals befolkningsdel stort sett har vore i nedgang, har folketalet i absolutte tal heile tida vist auke. I dei 200 åra 1801–2001 auka folketalet i fylket med 226 prosent eller gjennomsnittleg 0,7 prosent årleg, og i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg mot 1,0 prosent i heile landet.
Etter andre verdskrigen har Sunnmøre og Romsdal hatt sterkast befolkningsvekst og dermed aukande del av folketalet i fylket. Sidan slutten av 1970-åra har dette gitt Sunnmøre over halvparten av befolkninga i fylket, og i 2020 var Sunnmøres del auka til 55,9 prosent mot 23,7 prosent i Romsdal og 20,4 prosent på Nordmøre (etter den nye kommuneinndelinga).
Eit anna aspekt ved befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal er at ho stort sett går føre seg i og omkring dei største byane/tettstadene, medan områda på kysten og i dei indre fjordstrøka, særleg på Nordmøre, til dels har hatt nedgang eller ein mindre vekst enn elles i fylket. Det finst likevel unntak frå dette hovudbiletet. Etter tusenårsskiftet har til dømes fleire kystkommunar på Sunnmøre som Ulstein og Hareid og ein fjordkommune som Volda hatt ein betydeleg befolkningsvekst, likeins kystkommunane Aukra og Fræna/Eide (Hustadvika) i Romsdal.
Busetjinga i Møre og Romsdal er relativt tett på strandflata, det vil seie i låglandet på kysten, til dels også innover langs enkelte av fjordane og i dei lågare deler av dalføra innanfor. Ein stor del av befolkninga i fylket bur på øyar. Av dei 26 kommunane i fylket (frå 2020) ligg sju i sin heilskap på øyar, mellom anna Kristiansund. Dei indre delane av fylket, som i stor grad er fjellområde, er svært tynt busett.
Av befolkninga i Møre og Romsdal bur 73 prosent i til saman 87 tettstader (2019). Til samanlikning var tettstadsdelen for landet samla sett dette året 82 prosent. Dei tre største tettstadene er (folketal 2019): Ålesund, som omfattar den samanhengande tettgrenda Ålesund–Spjelkavik–Langevåg (53 234), Molde (21 103) og Kristiansund (18 273 innbyggjarar). Dei ligg alle ved utløpet av kvart sitt fjordsystem og er regionssenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. 17 tettstader til i fylket har over 2000 innbyggjarar. Av desse ligg elleve (rangert etter storleik); Ørsta, Volda, Ulsteinvik, Sykkylven, Nordstrand, Fosnavåg, Hareid, Stranda, Skodje, Brattvåg og Vatne på Sunnmøre. Tre tettstader i denne gruppa, Elnesvågen, Vestnes og Åndalsnes, ligg i Romsdal, og tre, Sunndalsøra, Skei-Surnadalsøra og Rensvik, på Nordmøre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.