Hjørundfjorden sett frå Sæbø over mot den austgåande armen Nordangsfjorden i bakgrunnen. I forgrunnen til høgre Stålberghornet sør for munninga av Nordangsfjorden og i bakgrunnen Slogen nordaust for fjordbotnen

Hjørundfjorden er ein fjord i Ørsta, Volda og Sykkylven kommunar i Møre og Romsdal. Hjørundfjorden er ein 35 kilometer lang fjordarm av Storfjorden, som sør for Ålesund strekkjer seg i søraustleg retning inn i dei ville Sunnmørsalpane.

Bygdene rundt Hjørundfjorden, særleg rundt dei inste armane, Storfjorden og Norangsfjorden, har stadig vore heimsøkt av katastrofale snøskred. Bygdene ved fjorden er knytt saman med ferjerute mellom Standal, Leknes, Sæbø, Skår og Trandal; dei to sistnemnde har berre samband med eit avgrensa, lokalt vegnett.

Kart

Hjørundfjorden
Hjørundfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hustad, Jon: Hjørundfjorden, 2005.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg