Faktaboks

Administrasjonssenter
Sunndalsøra
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
6 932 (2022)
Landareal
1 648 km²
Høgaste fjell
Storskrymten (1985 moh.) på grensa til Oppdal
Innbyggjarnamn
sunndaling
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Sunndal kommune i Møre og Romsdal
Sunndal kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Sunndal kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sunndal

Sunndal. Elva Driva renn gjennom administrasjonssenteret Sunndalsøra og ut i Sunndalsfjorden. Nede ved fjorden ligg aluminiumsverket, som er den dominerande bedrifta i kommunen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sunndal er ein kommune som ligg lengst søraust på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Sunndal omfattar dei nedste 40 kilometrane av Sunndalen og Sunndalsfjorden ut til Ballsneset, og dessutan fjellområda på begge sider. Sørover frå Sunndalsfjorden skjer Øksendalen og Litldalen seg inn i fjellområda. I nord omfattar Sunndal områda rundt Stangvikfjorden og Ålvundfjorden, med dei indre armane til Halsafjorden/Trongfjorden.

Sunndal kommune vart oppretta 1837 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret. Øksendal vart utskild som eigen kommune frå Sunndal i 1854. Øksendal vart igjen ein del av Sunndal i 1960, samtidig som Ålvundeid kommune vart lagt til kommunen. Ålvundfjord krins av dåverande Stangvik kommune vart i 1965 innlemma i Sunndal.

Sunndal grensar i aust til Oppdal i Trøndelag, i sør til Lesja i Innlandet, i vest til Molde, i nordvest til Tingvoll, og i nord til Surnadal.

Natur

Berggrunnen i størstedelen av kommunen består av gneisar av grunnfjellsalder, der store delar vart gjort om i kaledonsk tid (sjå kaledonske orogenese). Nord for den indre delen Sunndalsfjorden finst òg djup- og gangbergarter som granitt. I dei søraustre fjelltraktene i kommunen har verknaden av den kaledonske fjellkjedefaldinga vore sterkare, med ein meir komplisert berggrunn som resultat. Her finst mellom anna glimmerskifer/glimmergneis og augegneis, samt djupbergartane gabbro og anortositt.

Fjella på begge sider av Sunndalen når 1500–2000 moh. Høgast når Storskrymten (1985 moh.) i området med augegneis lengst i søraust, på grensa til Innlandet og Trøndelag. Av Sunndal sitt areal ligg 65 prosent over 900 moh, med fleire dalføre som skjer seg inn mellom fjella. Sjølve Sunndalen med elva Driva går austover frå botnen av Sunndalsfjorden og vidare inn i Oppdal kommune. Frå Ålvundfjorden strekk Viromdalen/Innerdalen seg søraustover i ein storslått natur. Innerdalen er kjent som ein av dei vakraste dalane i Noreg, og her er det oppretta landskapsvernområde. Øksendalen og Litldalen fører sørover frå Sunndalsfjorden mellom bratte, mektige fjell.

67 prosent av Sunndal er verna, og ein tredjedel av nasjonalparken Dovrefjell-Sunndalsfjella ligg i kommunen. Dei søraustre delane av kommunen er del av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, oppretta i 2002. Dei tilknytta landskapsvernområda Eikesdalen og Åmotan/Grøvudalen ligg heilt eller delvis i Sunndal.

Busetnad

Busetjinga ligg i sjølve Sunndalen, Øksendalen og på eidet over mellom Sunndalsfjorden og Ålvundfjorden, med ein sterk konsentrasjon til nedre del av Sunndalen. I Sunndalen nedanfor Romfo bur 76 prosent av befolkninga til kommunen, i Sunndalen samla sett 79 prosent (2017).

Ved munninga av Driva ligg tettstaden og kommunesenteret Sunndalsøra med 3930 innbyggjarar (2021). Kommunen sine to andre tettstader, Grøa og Holsanden (høvesvis 402 og 328 innbyggjarar), ligg i Sunndalen like ovanfor Sunndalsøra. I alt bor 67 prosent av befolkninga i kommunen i tettstadar, mot 73 prosent i fylket samla sett (2020).

I perioden frå 1946, då Årdal og Sunndal Verks aluminiumsverk vart utbygd og sat i drift på Sunndalsøra, og fram til 1970 auka folketalet i Sunndal (etter dagens grenser) med 125 prosent. Etter 1970 har folketalet hatt noko tilbakegang, vesentleg som følgje av effektivisering av aluminiumsproduksjonen. I tiårsperioden 2007–2017 gjekk folketalet i kommunen tilbake med gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg mot ein vekst på gjennomsnittleg 0,4 prosent årleg for Nordmøre og 0,8 prosent for fylket samla sett.

Kart over Sunndal kommune
Kart over Sunndal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Sunndalsøra
Hydro sitt aluminiumsverk er kommunen si hjørnesteinsbedrift.
Av /Hydro.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Viktigste næring i Sunndal er industrien med 35 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 46 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2020).

Den dominerande bedrifta i Sunndal er aluminiumsverket (Hydro Aluminium Sunndal) på Sunndalsøra. Aluminiumsverket har bygd ut eit nytt produksjonsanlegg, som er det største i Europa i sitt slag. På grunn av aluminiumsindustrien er Sunndalsøra – etter Ålesund – den viktigaste eksporthamna i fylket etter verdi. Primær jern- og metallindustri omfatta 76 prosent av dei tilsette i industrien i kommunen i 2019. Elles har kommunen ein del mindre industriverksemd, først og fremst i verkstadsindustri (12 prosent av dei tilsette i industrien).

Utanfor Sunndalsøra er jordbruk den viktigaste næringa i Sunndal. Husdyrhaldet er av størst betydning, med storfe, sau og høns, men det blir òg dyrka potet og noko korn. Institutt for husdyravl ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har ein forsøksstasjon for fisk, med avlsforsøk med aure og laks. Driva har atskilleg lakse- og sjøaurefiske, og elva har etter Surna det største elvefisket i fylket etter oppfiska kvantum, der i 2016 vart det fanga i alt 5000 kilo 4300 kilo laks.

I Sunndal er fleire vassdrag utbygde, mellom anna Aura, Driva og Ålvundelva. Sunndal er den største kraftkommunen i Møre og Romsdal, med ein mellomliggjande årsproduksjon på 2831 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 15 kraftverk i kommunen. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Aura kraftverk (i drift frå 1953), Driva kraftverk (1973) og Osbu kraftverk (1958).

Turisttrafikken er viktig for kommunen. Både områda sør og nord for Sunndalen har eit omfattande nett av merka fotturruter med ei rekkje turisthytter og kjende fjellklatresenter, spesielt i Innerdalen.

Av dei busette yrkestakarane i Sunndal har 12 prosent arbeid utanfor kommunen, to prosent både i Molde og samla for dei to nabokommunane Tingvoll og Surnadal (2020). Sunndal er likevel først og fremst ein innpendlingskommune, då 17 prosent av dei som arbeider i Sunndal, bur utanfor kommunen, i alt 10 prosent i Molde, Tingvoll og Surnadal (2020).

Samferdsel

Rv. 70 knyter saman Sunndal både med Oppdal og Dovrebanen (gjennom Drivdalen) og med Kristiansund (utover langs nordsida av Sunndalsfjorden). Kommunen har samband med Molde langs sørsida av fjorden (Fv. 62). Ei spektakulær vegstrekning, dels fylkesveg, dels privat veg, fører frå Sunndalsøra opp Litldalen over fjellet til Aursjøen og herfrå ned Eikesdalen til Eresfjord i Nesset.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sunndalsøra har fylkeskommunal vidaregåande skule.

Sunndal høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordmøre regionråd.

Sunndal kommune svarer til dei fire sokna Hov, Romfo, Øksendal og Ålvundeid i Indre Nordmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja. Alle kyrkjene i kommunen er frå 1800-talet og er bygde i tre. Hov kyrkje, som ligg på Sunndalsøra, og Øksendal kyrkje er begge langkyrkjer, medan Romfo og Ålvundeid har åttekantplan.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sunndal til Nordmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sunndal

For statistiske formål er Sunndal kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 30 grunnkrinsar:

  • Sunndal: Grøvudalen, Gjøra, Musgjerd, Fale, Grødalen, Grøa syd, Grøa nord, Hoelsand, Mæle, Furu
  • Sunndalsøra: Presthagen syd-øst, Presthagen vest, Holten, Auragata vest, Auragata øst, Helsetunet, Nordmørsvegen øst, Industriområde, Kalken, Håsen, Tredal, Torbudalen
  • Øksendal: Viklandet, Øksendal, Jordalsgrenda
  • Ålvundeid/Ålvundfjord: Innerdal, Opdøl, Ålvundeid, Indre Ålvundfjord, Ytre Ålvundfjord

Historikk og kultur

I fjellområda nord og sør for Sunndalen er det ei rekkje oppmerkte fotturruter, mellom anna til Innerdalen, ein av dei mest særmerkte dalane i landet. Sunndal Bygdemuseum held til på Leikvin. Museet opna i 1935. Det årlege spelet Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy, med manus av Stig Nilsson, vart første gongen oppført i 1996.

I Sunndalsøra kjem avisene Driva og Aura Avis ut. Den mest leste avisa i kommunen er Aura Avis, som kom med første nummeret i 1947. Avisa har hovudkontor på Sunndalsøra og er redigert på bokmål.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) har ei norsk malurt i sølv mot ein grøn bakgrunn. Dette viser til at planten er utbreidd i kommunen.

Namnet, «den sørlege dalen», siktar til plasseringa av kommunen lengst sør på Nordmøre.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Seljedal, Ivar & Jostein Sande: Sunndalsboka, 1965-84, 8 b.
  • Sæther, Knut: Meir om befolkninga i Sunndal på 1800-talet : eit supplement til Sunndalsboka bind 1-5, 2006

Kommentarar (1)

skreiv Hampus Åstrand

Spørsmål: Hei, Jeg er en elev ved Rosenvilde Videregående skole som har i oppgave å skrive om kommunen Sunndal. Derfor har jeg en del spørsmål jeg ønsker å stille dere angående klima, næringsliv og bærekraft om Sunndal kommune. Det første jeg lurer på er hva de ulike naturressursene i kommunen består av og hva slags grunnlag dette har gitt for ulike typer næringsliv i kommunen? Har disse naturressursene ført til interessekonflikter, og hvor bærekraftig er egentlig disse ressursene? Spørsmål nr. 2: Hvordan har ytre krefter, vær og klima vært med på å danne ulike typer naturressurser i kommunen? Spørsmål nr. 3: Hvordan er befolkningsutviklingen i Sunndal, går den opp eller ned, og hvorfor det? Spørsmål nr. 4: Er det muligheter for fremtidige bærekraftige utviklinger i kommunen?

Takk for svar på forhånd. Mvh Hampus

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg