Mora, kronprinsesse Märtha, døydde alt i 1954, etter lang tids sjukdom. Prins Harald var 17 år gamal og skulle ta eksamen på katedralskulen det året. Det hadde vore eit spesielt nært forhold mellom mor og son, og Harald har seinare gitt uttrykk for at tida etter bortgangen hennar var ein tung periode for han.
I 1957 døydde bestefaren kong Haakon 7., og Harald blei kronprins. Då høyrde det til pliktene å møte i statsråd. Etter kort tid måtte han fungere som regent medan kong Olav var på reise.
I 1967 og 1968 tok det til å versere rykte om at kronprins Harald hadde ein kjærast, og at han ønskte å gifte seg med henne. Men det var eitt problem: Kjærasten, Sonja Haraldsen, var ikkje av kongeleg slekt. Paret visste nok at eit slikt giftarmål ville bryte med tradisjonen i monarkiet. Men det synte seg at dei alt hadde vore saman i mange år.
Kong Olav var skeptisk til borgarleg giftarmål for kronprinsen, men var i villreie og søkte råd hos politikarane. Regjeringa Borten var splitta i saka, men til sist gjekk dei ikkje imot borgarleg ekteskap. Kronprins Harald sjølv hadde gitt uttrykk for at han, om han ikkje fekk gifte seg med Sonja Haraldsen, måtte vurdere å leve ugift resten av livet.
Saka blei grundig drøfta i media og blant folk flest utover vinteren 1968 og ein stilte spørsmål om monarkiet ville kunne ha ei dronning frå borgarleg samfunnslag og om det ville vere eit høve til å innføre republikk. Til sist gav kong Olav sitt ja til giftarmålet, og 29. august 1968 gifta Harald seg med Sonja Haraldsen, som då fekk tittelen kronprinsesse Sonja.
Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja fungerte som kronprinspar i vel tjue år. For ein komande konge var dette viktige læreår. Dei reiste mykje rundt i landet og var òg med på mange reiser utanlands saman med folk frå næringsliv og samfunnsliv elles. Dei fekk to born, prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon Magnus.
Kommentarer (2)
skrev Torbjørn Greipsland
skrev Ida Scott
Hei! Tusen takk for fyldig innspill og forslag. Litteraturlistene våre skal i hovedsak være en oversikt over litteratur brukt i forbindelse med skriving av artikkelen, ikke lister over all litteratur som finnes om emnet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.