Frøkongle, kvist og tre av vanleg gran, Picea abies.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Naturleg utbreidd gran i Europa

Naturleg utbreiing av vanleg gran (Picea abies) i Europa, såkalla spontan gran. Grøn farge viser spontan utbreiing. Kjelde: Farjon 2017. Henta frå NIBIO rapport nummer 111/2020.

Naturleg utbreidd gran i Europa
Av .
Gran i fjellskog
Dette grantreet i fjellskogen har utvikla mange senkarar, småplantar byrjar å utvikle seg vegetativt frå desse senkar-greinene.
Gran i fjellskog
Tregrensa
Grana dannar fleire stader i Noreg treslagsgrense mot fjellet. Her frå nasjonalparken Gressåmoen-Blåfjella-Skjækerfjella i Nord-Trøndelag.
Tørt grantre

Grantre som har stått tørre i fleire år, kan innehalde fleire av dei naturlege fiendane til granborkbillene. Men ikkje granborkbiller.

Tørt grantre
Osensjøen
Granskogane dekkjer svært store område i Noreg. Biletet er teke over Osensjøen i Østerdalen. Vi ser Trysilfjella i bakgrunnen.
Osensjøen
Heksekost
I sjeldne tilfelle kan grana utvikle såkalla «heksekostar» med svært tette kuler av granbar.
Rotesopp på gran
Eldre grantre blir ofte utsette for rotesoppar.
Rotesopp på gran
Tømmervelte
Grana er eit svært viktig økonomisk treslag både for skogeigarar og foredlingsindustrien.
Tømmervelte
Gran

Ved 20-40 års alder har grana sin maksimale årlege høgdetilvekst.

Liggjande grantre
Gamle, liggjande grantre – såkalla læger – er svært viktige for biologisk mangfald. Slike stammar dannar levestad for mellom anna ei rekkje ulike lav- og moseartar.
Liggjande grantre
Utbreiing av gran

Naturleg utbreiing av gran (Picea abies). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Utbreiing av gran

Gran, eigentleg vanleg gran, er ein art i granslekta, som er ei slekt i furufamilien, den største familien med bartre. Vanleg gran er den einaste opphavleg viltveksande grantypen i Noreg.

Faktaboks

Etymologi

nordisk trenamn som truleg går på dei spisse nålene, jamfør norrønt grǫn, 'spisst skjegg', og tysk Granne 'noko som er spisst'

Også kjend som
rødgran, raudgran
Vitskapeleg namn
Picea abies
Beskriven av
(L.) H.Karst.
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Litt forenkla kan vi seia at granskogen utgjer rundt halvparten av det totale volumet av tre i Noreg, og omtrent halvparten av årleg samla tilvekst av alle treslaga våre.

Sjølv om grana har ei meir avgrensa geografisk utbreiing i Noreg enn kva furu har, er gran likevel Noregs økonomisk viktigaste treslag. Ei hovudårsak til dette er at i dei områda av landet der vi finn gran, har grana dei fleste stader svært stor og konsentrert utbreiing. Dette har også samanheng med omfattande granplanting etter hogst. Ei anna hovudårsak til at grana har så stor økonomisk betydning i Noreg, er at ho kan nyttast til svært mange ulike føremål. Gran blir nytta til konstruksjonsvirke, utvendig panel, innvendig panel, golvplank, møblar, laftetømmer, ved, husflidsprodukt og mykje meir. Kombinasjonen av dei store granressursane vi har i Noreg, kombinert med rask vekst og dei allsidige bruksområda, har difor gjeve treslaget sin viktige økonomisk posisjon i skogbruket.

Skildring

Granene er tre med ein rett stamme med oftast regelmessige årlege greinkransar (monopodial vekst). Når trea står fritt, får dei ei smalt pyramideforma krone med grønt bar heilt ned til bakken.

Ingen andre heimlege tre i Noreg blir så høge som grana. Vanlegvis blir ho mellom 20 og 30 meter, men det er målt grantre på meir enn 45 meter. Tjukna er derimot ikkje så stor som hos fleire andre treartar. Stammar med større tverrmål enn éin meter er sjeldne.

Borken er tynn, ein skilnad frå furuartane. Han er oftast grå eller brunleg og flakar av papirtynne skjel. På eldre stammar blir borken noko tjukkare og meir rukkete.

Nålene (blada) er smale, oftast 1 til 2,5 centimeter lange. Dei er spisse, men ikkje stikkande. Nålene sit på små puter på kvistene. Putene blir sitjande igjen som små «tappar» på greina når nålene blir felte etter sju til tjue år.

Formeiring

Grana kan formeire seg både ved frø og ved vegetativ formeiring.

Kongler og frø

«Granbløming»

Dei unge frøkonglene hos gran er raude, medan pollenkonglene blir gule når pollenet er klart for spreiing.

Grana er sambu med pollenkongler (hann) og frøkongler (ho) på same tre. I sjeldne tilfelle kan det finnast reine hanntre utan frøkongler. Gran dannar frøkongler av endeknoppen på sideskot og pollenkongler av sideknoppar på fjorårsskota.

Ein stor del kongler fører difor til at det blir lite nye skot, samstundes som treet brukar mykje ressursar på pollen og frø. Det er difor knappe moglegheiter for to rike kongleår etter kvarandre på det same treet.

Pollenkonglene er små, ein til to centimeter lange, hengande eller opprette. Dei er raudlege som unge og gule når pollenet er modent. Frøkonglene blir danna enkeltvis frå ein knopp ved spissen av fjorårsskot i den øvre delen av krona. Dei er opprette og raude eller grøne før pollineringa, men blir seinare hengande med brunlege kongleskjel. Lengda på utvaksne frøkongler varierer frå to til tre centimeter hos svartgran til over 15 centimeter.

Konglene får modne frø i løpet av den første sesongen. Frøa har vengjer og sit to saman på kvart kongleskjel. Hos dei aller fleste artane sprikjer kongleskjela når frøa er modne, slik at frøa kan sleppe ut og spreiast med vinden (vindspreiing). Etter frøspreiinga fell konglene av treet.

Etter eit godt kongleår må grana ha minst eitt år for å opparbeide eit nytt overskot. Dersom vêret er gunstig under pollineringa (bestøvinga), temperaturane høge nok til at frøa kan modne, og det er få skadar på frøanlegg eller kongler, blir det eit frøår. Sikker pollinering krev varmt og tørt vêr når pollenkonglene er modne. Det vil då spreiast så mykje pollen at små vindpust fører med seg ein synleg pollensky.

Det enkelte pollenkornet ser ut som eit «hovud med to Mikke Mus-øyre» dersom ein ser på det med sterk forstørring.

Det meste av pollineringa skjer frå fedrar innan den same bestanden, men pollen kan spreiast mange mil frå fartreet. Frømodninga er avhengig av varmesummen (summen av døgnmiddeltemperatur) i perioden mellom pollineringa og hausten.

Fleire stader i Noreg dannar grana treslagsgrense mot snaufjellet. Men i desse områda er sommartemperaturen ofte så låg at det kan gå svært mange år mellom kvart frøår. I låglandet sør for Dovre har vi vanlegvis frøår kvart tredje eller fjerde år. Frå Trøndelag og nordover kan det gå 8–10 år mellom kvart frøår.

Grankongler
Det kan gå svært mange år mellom kvart frøår i fjellskogen. Årsaka er det kjølige klimaet mot fjellet, grantrea her oppe treng litt ekstra varme somrar for frøsetjing. Dette biletet blei teke i fjellskog ca. 900 meter over havet i 2019. Då hadde tropesommaren 2018 lagt eit svært godt grunnlag for frøår også i fjellet.
Grankongler

Vegetativ formeiring

Spesielt i høgareliggjande område med eit kaldt klima skjer forynginga også vegetativt. Då får dei nye grantrea akkurat det same genetiske materialet som mortreet. Vegetativ formeiring går føre seg ved at grana utviklar kraftige greiner ned mot bakken, såkalla senkarar. Desse greinene veks heilt ned mot markoverflata og vil etter kvart bli delvis infiltrerte i markoverflata. Frå greinene utviklar det seg røter som så dannar grunnlaget for at nye småplantar kan spire.

Oppe i fjellet kan vi sjå grupper av grantre som har blitt danna på denne måten, ofte ut frå eit mortre i midten av gruppa.

Trevirket

Granved
Granved inneheld 24 % mindre energi per volumeining enn den populære bjørkeveden. Men granved er rimelegare enn bjørkeved og eignar seg godt for fyring vår og haust, når ein ikkje har behov for like mykje varme.

Veden i vanleg gran er gulkvit utan fargeskilnad på yteved og kjerneved. Kvistene er oftast lyse og ikkje særleg framståande. Tettleiken ved 15 prosent fukt er cirka 0,47 gram per kubikkcentimeter.

Veden er middels hard og lett å tilarbeide. Treslaget er lett å tørke og har ingen utprega tendens til å vri seg. Styrkeeigenskapane er ganske gode, nesten på høgd med furu, og veden lèt seg lett lime. Gran er ikkje like haldbar som kjerneved av furu, men vel så haldbar som yteveden til furua. På grunn av korleis veden er bygd opp, trengjer vanleg trykkimpregnering berre eit par millimeter inn i granveden. Dette i motsetnad til furu, der heile yteveden blir impregnert. Mesteparten av det som blir selt av impregnerte bord i Noreg, er difor furu.

På grunn av den meir einsarta fargetonen har ikkje gran den same kraftige karakteren som furu, og til synlege føremål blir grana difor føretrekt når ein vil ha eit meir nøytralt uttrykk. Grankvistene er likevel vesentleg hardare enn furukvistene, og vil ha lettare for å bli slått sund under tilarbeidinga.

I oversjøisk handel går gran på enkelte marknader under nemninga whitewood. Det må ikkje forvekslast med amerikansk whitewood, som er ei nemning på to ulike amerikanske lauvtre.

Skjæring av materialer
Nokre skogeigarar vel å investere i eit småsagbruk og produserer sjølve materiale frå eigen tømmerskog.
Skjæring av materialer

Utbreiing og historie i Noreg

Utbreiinga av grana viser at ho er forholdsvis robust mot tøffe klimatiske forhold.

Skuggetolande treslag

Grana er eit skuggetolande treslag, og unge tre av gran klarer seg med berre to prosent av fullt lys. Det kan vera ein stor fordel for unge plantar å vekse opp under ein vernande «skjerm» frå dei store trea, sidan unge granplantar er kjenslevare både for vårfrost og sommarfrost. Store, greinrike tre sørgjer for at varmeutstrålinga frå bakken blir redusert, med det aukar temperaturen på bakken noko. Dette er spesielt viktig i dei vanlegvis mest kritiske periodane, tidleg om morgonen før sola står opp. Ved fjellskoghogst er det difor ekstra viktig å setja igjen ein del tre til frostvern, både for naturleg forynging og eventuelt utsette plantar.

Innvandring av gran

Old Tjikko i Fulufjället

Litt forblåsen og pjuskete, men så er det kanskje også det eldste treet i verda. Ei karbon-14-datering viste at dei eldste restane av rotsystemet til dette grantreet er 9550 år gamle.

Pollenanalysar (palynologiske undersøkingar) har dokumentert at grana innvandra til Noreg for cirka 2000 år sidan. Ho kom då inn austfrå til Hedmark, Lierne og Inntrøndelag og spreidde seg etter kvart vidare vestover. Men allereie rundt 1890 blei det lansert ein teori om at grana kan ha hatt ei langt tidlegare innvandring, frå før dei siste istidene. Seinare DNA-undersøkingar og funn av makrofossil støttar denne teorien. Vi kan difor ikkje sjå bort frå at desse makrofossila er restar, relikte førekomstar, av granskogar som tidlegare har vore talrike.

Innvandringa av gran skjedde etter at Hardangervidda hadde blitt treberr (utan tre). Dette resulterte i at treslaget fekk problem med «å krysse» den vêrharde vidda på innvandringa si frå aust. Temperaturforholda oppe på høgfjellet var langt frå optimale for utvikling av kongler og frø, ei heller for frøspiring.

Vestlandet er det difor berre nokre få stader vi i dag har naturleg førekomande gran. Det aller meste er planta. På Voss er det eit temmeleg stort område med naturleg gran, eller spontan gran, som det også blir kalla. Pollenundersøkingar dokumenterer at granskogane på Voss fekk ein sterk auke i utbreiinga i åra 1250–1450. Men det er usikkert om vossegrana stammar frå granfrø som har blåse over vidda på skaren, eller om nokon har teke med seg kongler og frø over fjellet i vikingtida.

Nord for Polarsirkelen er det i dag svært små førekomstar av gran. Her er det berre enkelttre og smågrupper som dekkjer eit svært lite areal.

Skogreising

Dagens utbreiing av vanleg gran i Noreg
Dagens utbreiing av vanleg gran i Noreg
Av .
Plantefelt
Det har blitt planta mykje gran rundt om i Noreg på stader der det tidlegare berre voks bjørk.
Plantefelt

Sidan grana innvandra relativt seint, og med det fekk ei avgrensa geografisk utbreiing, har det det blitt satsa mykje i Noreg på skogreising med planting av gran. Med skogreisingsareal siktar ein til areal i kyststrok som blir foryngde med treslag som vanlegvis gjev høgare produksjon på staden enn det opphavlege treslaget som står der frå før. Skogreisingsomgrepet har også omfatta areal med skogplanting der det tidlegare ikkje har vore skog. Skogreisinga blei sett i verk på 1950-talet og nådde toppen rundt 1960–1980. Då planta ein cirka 140 000 dekar kvart år. Dette talet inkluderer også skogreising med andre treslag enn vanleg norsk gran.

I statistikken til Landbruksdirektoratet er skogreising no definert som etablering av ny skog på areal som tidlegare ikkje var vurdert som skog. Treslagsskifte er altså ikkje med i denne statistikken. I perioden 2010–2017 var tala over treslagsskifte i statistikken frå direktoratet 1700 dekar. Mykje av arealet var juletre- og pyntegrøntproduksjon.

Ulike vekstformer

Hengegran (Picea abies f. viminalis) er ei form av vanleg gran som har hengande kvister.

Slangegran (Picea abies f. virgata) er ei sjeldan form av vanleg gran og finst spreidd over heile Noreg. Kvistene er lange, ugreinete eller berre svakt greinete.

Kamgran er ein sort av vanleg gran med lange, hengande smågreiner på hovudgreina.

Særeigne graner i Aust-Finnmark

Sibirgran (Picea obovata) er ein art av gran som veks aust for Ural og har kongler med breie, avrunda kongleskjel. I det austlege Finnmark veks det ein rase av vanleg gran som før blei rekna som ein vestleg utløpar av sibirgran. Sibirgrana blei då ofte rekna som ein underart av vanleg gran. Nyare genetisk forsking har ført til at dei fleste no reknar med to nærskylde artar som skilde seg ut frå ein no utdøydd felles stamfar for omtrent 18 millionar år sidan. Vest for Ural har vi vanleg gran, og aust for Ural er det sibirgran. Dei 18 millionar åra har det skjedd ei viss innblanding av gen frå sibirgran i vanleg gran, heilt vest til austlege Fennoskandia og Baltikum.

Granbar og bork

Bruken av trevirket har til alle tider vore den viktigaste utnyttinga av grantrea. Men også granbaret har blitt – og blir framleis – nytta til mange føremål. I tidlegare tider sanka ein granbar som tilleggsfôr til dyra om vinteren (spesielt til sau og geit). Bøndene hausta gjerne granbar med mykje lav for å auke fôrverdien. Granbaret kunne fôrast direkte ved å hekte opp kvistene i fjøset. Men i nyare tid køyrde ein kvistene gjennom ei hakkelsmaskin som kutta opp granbaret til småbitar.

Granbar har også lang tradisjon til bruk som pynt, ikkje minst i samband med gravferder. I nokre bygder var det lenge tradisjon å leggje ut ei lenkje med granbar langs vegen der ei gravferd kom forbi. Dette blei lagt ut i vegkryssa mellom gardsvegane og hovudvegen der gravferda passerte. Tiltaket blei gjort som ei siste helsing til den avdøde og for å vise sympati og medkjensle overfor dei etterlatne. Tradisjonen var i bruk mellom anna på Fenstad på Romerike heilt fram til rundt 1960-talet.

Andre stader sette dei opp grantre ved porten til garden der gravferda skulle dra forbi. Dette gjorde ein mellom anna i Odalen.

Men granbar har også hatt svært mange andre bruksmåtar. Skogsarbeidarar sette opp enkle barhytter og gapahukar både for overnatting og matpausar. Det tette granbaret verna godt både mot regn og vind. Før det fanst syntetiske sitjeunderlag, braut mange friluftsfolk granbar for å laga ein komfortabel sitjestad, eller «boso», som det også blei kalla. Men slik bryting av granbar er faktisk ikkje ein del av allemannsretten og kan lett medføre at det dannar seg rote på grantrea. Skal det brytast granbar, må ein difor ha løyve frå grunneigaren. Men å ta granbar frå bakken til privat bruk, når det nyleg er utført ein hogst, det er ein del av allemannsretten.

Granbar er godt eigna til å verne blomebed mot vinterkulde og har vore nytta til dette føremålet i lange tidsperiodar. Nokre granbarkvister over plantane bidreg til å auke isolasjonen. Og fram mot jul synest framleis enkelte det er svært koseleg å ha eit lite lag med granbar framfor inngangen, slik det alltid blei gjort i tidlegare tider.

Forsommarskota på granbarkvistene blir også i dag nytta både i te og til sirup.

I tidlegare tider kunne granborken bli finmalen og nytta for å dryge mjølet, og bake såkalla borkebrød. Furubork var nok meir brukt til naudmjøl, og ikkje minst almebork der dette varmekjære lauvtreet var tilgjengeleg. Men den viktigaste bruken av granbork var til garving. Ved sommarhogst av gran var det lett å flengje av borken, og då blei han teken vare på og seld til garveria.

Kvae som sårmiddel og tyggjegummi

Grankvae består i utgangspunktet av ein harpiks og terpentin. Då er fargen lys og terpentinen gjev ein vond smak. I denne fasen nytta ein i tidlegare tider kvae på sår som hadde vanskeleg for å gro. Etter kvart vil terpentinen fordampe og forma blir fastare. Fargen blir ofte blåaktig. Då har treet utvikla såkalla «godkvae», altså kvae som smaker ganske godt. Denne typen kvae var svært populær som tyggjegummi for ungane, før tyggjegummien blei fabrikkprodusert.

Skadar og sjukdommar

Rotkjuke

Rotkjuke
Granrotkjuke (Heterobasidion parviporum) på stubbe av gran. Sporane kan spreie seg til friske tre.
Rotkjuke
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Eldre grantre blir lett angripne av rotesoppen rotkjuke, som kvart år resulterer i milliontap for norske skogeigarar. Rotesoppane er særleg aktive i område der det er ein del kalk i jordsmonnet. Stokkar som er angripne av rote, kan ikkje nyttast til skurlast, og ved svært mykje rote får ein heller ikkje selt virket som massevirke.

Borkbiller

Gran kan også angripast av granborkbilla. Ved omfattande angrep blir trea drepne, og dette kan råke store område. Granborkbilla Ips typographus er den vanlegaste borkbillearten både i Sverige og Noreg. Billearten er eittåring og lever hovudsakleg på tre som har døydd for mindre enn eitt år sidan. Dei naturlege fiendane til granborkbillene (maur, styltefluger og hakkespett) har behov for tørre tre og bidreg til å halde bestanden av granborkbiller nede. Daude grantre som dei fleste granborkbillene har forlate, og som det ikkje løner seg økonomisk å avverke, bør difor stå som buplass for dei naturlege fiendane til granborkbillene.

Granborkbillene er ikkje særleg interesserte i daud ved, dei vil ha fersk ved, i levande tre som er stressa av tørke. Difor vil vi i liten grad finne granborkbiller i tørrgraner, men her finst altså fiendane til granborkbilla. Ut frå omsynet til å redusere borkbilleangrep kan det difor ha motsett effekt å hogge tørre grantre som har stått tørre ein lengre periode.

Tørkesommaren 2018 førte til stor spreiing av granborkbiller i Sverige, billene sverma to gonger dette året. I 2019 blei cirka 7 millionar kubikkmeter svensk skog påverka av granborkbillene. Dette var dobbelt så mykje som det tidlegare rekordåret 2018. Til samanlikning var Noregs samla avverking (inkludert avverking til ved) ifølgje SSB 12,2 millionar kubikkmeter i 2020. Noreg blei ikkje råka av billeangrep i same omfang som dei svenske naboane våre.

Heksekostar

Heksekostar blir danna i fleire treslag. Det blir då svært utvikla mange forgreina skot frå ein enkelt knopp. Skota er svært korte. På gran og furu er det sjeldan meir enn ein heksekost i kvart tre, i lauvtre kan det vera svært mange. Heksekostar hender oftare i høgareliggjande skogar enn i lågareliggjande, men fenomenet er ikkje vanleg. Ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er soppangrep årsaka til heksekostar på ein del lauvtre, men på gran og furu er årsaka førebels ikkje sikkert klarlagd.

Sentral statistikk

Granvolum i norske skogar

Tabellen nedanfor viser volum utan bork på skogbruksmark. Med skogbruksmark siktar ein til produktiv skog eksklusiv område der det ikkje kan drivast eit økonomisk skogbruk på grunn av restriksjonar. Døme på slike restriksjonar er vernereglar i verneområde og kraftgater som må haldast opne. Med produktiv skog siktar ein til skog som produserer minst 0,1 kubikkmeter virke per dekar (dvs. per 1000 kvadratmeter).

Volum (m³)
Volumet av grantrea, inklusiv introduserte artar 399 849 000
Totalt volum av treslaga på norsk skogbruksmark 862 435 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021

Volumet av grantrea utgjer dimed om lag 46 prosent av det totale volumet.

Tilvekst

Grana veks også svært godt, og produserer mykje trevirke, spesielt på gode bonitetar. Tabellen viser årleg tilvekst i kubikkmeter på skogbruksmark.

Volum (m³)
Total tilvekst av treslaga 22 044 000
Tilvekst av gran inklusiv introduserte artar 12 320 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021.

Tilveksten av grantre står med andre ord for om lag 55 prosent av den totale tilveksten.

Talet på tre

Tabellen viser talet på grantre med brysthøgdediameter på minst 5 cm i produktiv og uproduktiv skog. Med uproduktiv skog siktar ein til skog som produserer mindre enn 0,1 kubikkmeter virke per dekar.

Tal
Totalt antal tre 10 874 000 000
Antal grantre 3 290 000 000

Kjelde: Landskogtakseringa

Grantrea utgjer med andre ord om lag 30 prosent av det samla antalet tre i Noreg.

Avverking av gran

I 2020 var den totale avverkinga i Noreg 12 089 685 kubikkmeter. Dette talet inkluderer avverking til ved, som utgjorde 1 848 000 kubikkmeter. Den såkalla industriavverkinga, altså den total avverkinga minus vedavverkinga, låg på 10 241 685 kubikkmeter. Industriavverkinga er av SSB fordelt på gran, furu og lauvtre. Industriavverkinga av gran var 7 163 706 kubikkmeter og utgjorde altså 70 prosent av denne avverkinga.

Avverkinga til ved er av SSB registrert på lauvtrevirke og bartrevirke. Sidan bartrevirke utgjer både gran og furu, finst det ikkje offisiell statistikk over avverkinga til ved fordelt på gran og furu. Avverkinga av bartrevirke til vedføremål låg på 628 000 kubikkmeter.

Daude tre

Daude tre, både liggjande og ståande, er svært viktige for biologisk mangfald. Sidan vi har så mykje gran i Noreg, blir difor daudt virke av dette treslaget ekstra viktig. Mange organismar er avhengige av daude tre og restar av daude tre. Dette gjeld mellom anna mikroorganismar, lav, mosar, sopp, insekt, nokre dyreartar og ikkje minst ei rekkje fugleartar.

Mange fugleartar hentar næringa si frå daudt virke i form av larver, biller og mange andre insekt. Holrugande artar som til dømes hakkespetter klarer lettare å laga hol i daude enn i levande tre, for så å leggje egg der. Desse hola blir nytta seinare i år etter år av mange andre fugleartar som sjølv ikkje klarer å hakke ut reir, til dømes ugler. Også måren, som er mest aktiv om natta, nyttar gjerne gamle hakkespetthol til å sove i på dagtid, i tillegg til å bruke hola som ynglestader.

Kubikkmeter
Ståande og liggjande daud ved i produktiv skog, totalt 95 180 000
Ståande og liggjande daud ved i produktiv skog, granskog 45 420 000

Kjelde: NIBIO rapport nummer 142/2021

Daud ved av gran utgjer med andre ord om lag 48 prosent av den samla mengda daud ved.

Produksjon

På betre bonitetar har grana svært stor produksjon av trevirke. I ungdomsfasen har ho likevel forholdsvis sein høgdevekst samanlikna med lauvtrea. Grantrea får først den maksimale årlege høgdetilveksten sin rundt 20–40 år.

Tabellen nedanfor viser kor mange år granplantar i ein planta skog på ulike bonitetar brukar på å vekse opp i den såkalla brysthøgda på 1,3 meter.

Bonitet G23 Bonitet G20 Bonitet G17 Bonitet G14 Bonitet G11
Talet på år før treet når 1,3 m 9 10 11 13 15

Omløpstid og middelproduksjon

Det er ingen andre norske treslag enn gran som kan produsere større volum ved omløpstider rundt 70 år. Med omløpstid siktar ein til talet på år det tek frå ein plante blir sett ut, alternativt naturleg forynging, til skogen er hogstmoden (at han kan hoggast).

Tabellen nedanfor viser omløpstid og middelproduksjon per dekar (1000 kvadratmeter) og år for alternative bonitetar.

Bonitet G23 Bonitet G20 Bonitet G17 Bonitet G14 Bonitet G11
Omløpstid 70 år 80 år 90 år 100 år 110 år
Middelproduksjon per dekar og år 1,2 m³ 0,95 m³ 0,75 m³ 0,55 m³ 0,35 m³

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Børset, Ola (1985). Skogskjøtsel, skogøkologi. Landbruksforlaget
  • Heje, K.K. og Nygaard Julius (1994). Produksjonstabeller. Norsk Skoghåndbok 1994. Landbruksforlaget
  • Høeg, Ove Arbo (1974). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget
  • Larsen, Øyvind Stranna (1997). Skogskjøtsel for kvalitet og mangfold. Landbruksforlaget
  • Larsen, Øyvind Stranna (2008). Skogbrukslære. Tun forlag

Faktaboks

gran
Picea abies
Tidlegare vitskapleg namn
Pinus abies L., Pinus orientalis Frivald ex Carr., Picea excelsa (Lam.) Link
Artsdatabanken-ID
103807
GBIF-ID
5284884

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg