Ålesund by før brannen i 1904
Av /Norsk Folkemuseum/Nasjonalbiblioteket.

Ålesundsbrannen, eller bybrannen i 1904, starta natta mellom 22. og 23. januar 1904, då det tok til å brenne i lokala til Aalesund Preserving Co. i Nedre Strandgate i indre bykjerne i Ålesund. Brannen spreidde seg raskt i området, mykje grunna vindforholda med full sørvest storm med orkan i kasta. Brannen varte i 15 timar og totalt 850 hus brann ned. Over 10 000 menneske vart heimlause i brannen.

Faktaboks

Også kjend som

Bybrannen i 1904

Brannen

Ålesund var i 1904 i all hovudsak ein by med trebygg, der husa stod svært tett. Byen sitt brannvesen rykte raskt ut, men som var sjanselause mot elden som spreidde seg med vinden. Stadsingeniør Johannes Solem skreiv i brannrapporten sin at «Stormen raste med en saadan heftighet at man næsten ikke kunde staa på marken, og bygerne tok ild og røk indover byen med en voldsom kraft.» Utover morgonen etter spakna vinden og dreia meir mot vest og nordvest, noko som stogga brannen i å auke og speie seg.

Dagen etter brannen kunne dei konstatere at 850 hus hadde vorte råka av brannen og berre 230 hus stod uberørt att innanfor bygrensene. Verdiar for rundt ein milliard kroner etter dagens pengeverdi gjekk tapt. Innbyggjarane flykta austover for å kome bort frå brannen. 10 500 menneske var utan husrom og hadde forsøkt å flykte med dei mest verdfulle tinga sine innover Borgundvegen. Dei flyktande familiane fann seg stadar å overnatte i hus, kjellarar, løer og andre uthus.

Etter få dagar hadde dei fleste av dei 10 500 huslause reist vidare. Byen Ålesund hadde vorte bygd opp av sunnmøringar og romsdalingar frå bygdene omkring, og dei som rømde frå brannen reiste attende til bygdene dei kom frå og til slekt og vener. Mange bylærarar flytte etter og dreiv skule på det som vart overfylte bygdeskular med mange barn frå Ålesund. Det var dermed ikkje behov for flyktningleir i Ålesund.

Ei eldre kvinne var den einaste som omkom i sjølve brannen. Ho hadde kome seg ut av huset sitt på Lihaugen, men gjekk inn att for å hente noko ho hadde gløymt. Med farten brannen spreidde seg i var dette livsfarleg, og kvinna kom ikkje ut att.

Oppbygging

Etter få dagar sende den tyske keisar Wilhelm 2. tre skip med forsyningar til den nedbrende byen. Mat, klede og bygningsmaterial til hus vart sendt, og keisar Wilhelm vart sett som ein helt på Vestlandet. Gåvene frå han gjorde at Ålesundsbrannen vart verdskjend, og det vart starta innsamlingar i mange land. Byen kom etter kort tid i funksjon att, men no som brakkeby.

Det strøymde på med handverkarar og anleggsarbeidarar av alle slag, både frå Noreg og frå utlandet, i håp om å få arbeid. Tuberkulose var alt den største dødsårsaka i Noreg, og den store tilvandringa av arbeidarar gjorde risikoen for å verte smitta av tuberkulosesmitte i Ålesund mykje større. Denne situasjonen vart forverra då arbeidarar med smitte reiste ut til bygdene rundt til familiane sine i helgane, og tok med seg smitta dit òg. Resultatet vart at smittepresset på heile Sunnmøre auka kraftig i åra etter bybrannen. Dette gjaldt òg fleire difteri-epidemiar og eit par tilfelle av tyfus-epidemiar.

Alt hausten 1904 starta gjenreisinga. I 1907 var mesteparten av den utbrende byen gjenreist. Stortinget hadde i tida etter bybrannen innført lovfesta murtvang, slik at det kun vart bygd murhus innanfor det definerte byområdet. Standarden for bustadane auka ved gjenreisinga samanlikna med husa som hadde brent ned. Distriktslegen skreiv i medisinalmeldinga si at med mellom anna vassklosett og ein heilt annan sanitær standard var den nye byen ei forbetring.

I tillegg til forsikringspengar måtte innbyggjarane i Ålesund sjølve investere nesten 10 millionar kroner av eigne midlar for å byggje opp att byen. Det tilsvarer over ein halv milliard kroner etter dagens pengeverdi. Mange fann det for dyrt å byggje opp att i mur og flytta utanfor det definerte byområdet med murtvang for å kunne byggje billegare i tre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kristian Bugge: Aalesunds historie, bind I. Aalesund kommune 1923
  • Harald Grytten: Ålesund brenner. Byen under ild og aske, andre bind i ein trebindsserie om Ålesundsbrannen. Nytt i Ukas forlag 2003
  • Odd Thorson: Ålesund 1848–1948. Økonomisk og kommunal historie, band 1. Oslo 1948

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg