Jordbruket har mykje å seie, særleg i tidlegare Norddal kommune, og primærnæringane omfattar vel tolv prosent av arbeidsplassane i Fjord (2019). Jordbruket er basert på eit variert husdyrhald, særleg av storfe, sau og geit, og det blir drive mykje hagebruk. Klimaet er til dømes veleigna for frukt- og bærdyrking fleire stader i kommunen, og det blir drive mykje jordbærdyrking.
Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon den viktigaste næringa i Fjord målt etter sysselsetjing. Denne næringa har 17 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 22 prosent inkludert industri og bergverk (2019). I industrien er møbel- og næringsmiddelindustrien dei viktigaste bransjane med høvesvis 53 og 23 prosent av sysselsetjinga i industrien (2019). Sistnemnde er basert på mellom anna ei stor foredling av bær i Valldal. Annan industri er stort sett verkstadindustri.
Kommunen har stor turisttrafikk, og dette blir spegla i at varehandel og overnattings- og serveringsverksemd har 16 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019). Turisttrafikken er særleg stor om sommaren, og det finst ei rekkje turistanlegg i kommunen. Valldalselva har eit godt laksefiske. Stordal Alpinsenter ligg på Overøye inne i Stordalen.
Ved munningen av Valldalselva ligg Muritunet, eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta med tilbod til pasientar med ortopediske inngrep, revmatiske og nevrologiske tilstandar, lettare grad av hjerneslag, slitasjesjukdommar og -skadar, kroniske smerter og hjarte- og lungesjukdommar.
Fjord er den nest største kraftkommunen i Møre og Romsdal og har per 2019 ei samla maksimal yting på 286 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1313 gigawattimar (GWh). Det er 14 kraftverk i kommunen, 13 i tidlegare Norddal kommune. Kraftverka med høgast gjennomsnittleg produksjon er Tafjord 4 (i drift frå 1968), Tafjord 5 (1982) og Tafjord 2 (1952). Tafjordvassdraget er i stor grad bygd ut, og får også overført vatn frå andre vassdrag.
Av dei yrkesaktive som var busette i Fjord kommune i 2019, hadde 29 prosent arbeid utanfor kommunen. Ni prosent arbeidde i Ålesund, seks prosent i Stranda og i alt sju prosent i andre kommunar på Sunnmøre.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.