Utsiktsplassen på toppen av Trollstigen
Utsiktsplassen på toppen av Trollstigen
Lisens: CC BY SA 3.0

Trollstigen er eit vegstykke på fylkesveg 63 i Rauma kommune i Møre og Romsdal og er ein nasjonal turistveg. Trollstigen stod ferdig i 1936 og knyter ValldalSunnmøre til Åndalsnes og Romsdalen.

Faktaboks

Også kjend som
Trollstigveien

Trollstigvegen er vinterstengt i perioden mai til oktober. Vegen er ein turistattraksjon om sumaren. På Trollstigplatået på det høgaste punket, 852 meter over havet, har det blitt bygd utsiktspunkt og servicebygg som ein del av Statens vegvesens nasjonale turistveger-prosjekt.

Trollstigvegen har 11 hårnålssvingar. Over den 180 meter høge Stigfossen er det bygd ei steinkvelvbru midtvegs nede i juvet. Ved vegen ligg fleire fjell på over 1000 moh, til dømes Stigbotnhornet og Bispen. Det varierte landskapet langs Trollstigvegen blei verna i 2006 då Trollstigen landskapsvernområde blei oppretta.

Historikk

Trollstigvegen startar i Isterdalen, ein sidedal til Romsdalen. Det har vore ferdsel over Stigfjelet i uminnelege tider. I Snorres kongesagaer er det fortalt at frå Valldalen over Stigfjellet og ned til Isterdalen og vidare til Åndalsnes har det gått fjellsti og seinare kløvveg ned til garden Devold der det årlege romsdalmartnaden blei halde.

I 1925 vedtok fylkestinget at det skulle byggjast bilveg frå Åndalsnes i Romsdalen til Valldal på Sunnmøre. Bilvegen blei offisielt opna 31. juni 1936 av Kong Haakon 7.

Trollstigveien
Trollstigveien er ein spektakulær turistattraksjon
Trollstigveien
Lisens: CC BY SA 3.0

Kart

Trollstigen
Trollstigen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg