Jordbruket er i stor grad basert på mjølkeproduksjon og saue- og geitehald. Stranda har størst geitehald blant kommunane på Sunnmøre, men har òg eit betydeleg sauehald (2019). På dei lunaste stadene ved fjorden blir det dyrka frukt. I 2019 var tre prosent av arbeidsplassane i Stranda i primærnæringane.
Stranda er likevel først og fremst ein industrikommune. I 2019 var 32 prosent av arbeidsplassane til kommunen i industri, 46 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon.
Industriutviklinga i Stranda byrja i 1907 med eit korgmøbelverkstad. Ei rekkje møbelfabrikkar vart etter kvart etablerte, og i 2019 utgjorde møbelindustrien 15 prosent av industrisysselsetjinga. Dominerande industribransje etter sysselsetjing er likevel næringsmiddelindustrien, med mellom anna Stabburet Stranda (mellom anna Pizza Grandiosa) og Grilstad AS avdeling Stranda (kjøttvarer). Desse hadde 70 prosent av dei sysselsette i industrien i 2019. Elles har kommunen mindre innslag av verkstadsindustri (i alt elleve prosent), samt maskinindustri (seks prosent), metallvareindustri (fem prosent) og gummi-, plast- og mineralsk industri (tre prosent).
Turisttrafikken har stor økonomisk betydning fleire stader i kommunen, men har ei særleg betydning i Geiranger. I Hevsdalen vest for kommunesenteret ligg Strandafjellet Skisenter.
Stranda er ein relativt liten kraftkommune med i alt tolv kraftverk som har ein samla maskininstallasjon på 49 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 198 gigawattimar (GWh) per 2019. Største kraftverk etter årleg produksjon er Fausa II på austsida av Storfjorden nord for kommunesenteret med 44 GWh, største fallhøgd har Embla i Strandadalen med 412 meter.
Stranda har nettoinnpendling, det vil seie at kommunen har fleire arbeidsplassar enn busette yrkestakarar. Stranda har på denne bakgrunnen svært låg utpendling, og av same årsak større innpendling enn vanleg for kommunar på storleik med Stranda. Av Stranda sine busette yrkestakarar har 17 prosent arbeid utanfor kommunen, med fire prosent i Sykkylven og tre prosent i både Ålesund og Fjord (2019 etter kommuneinndelinga frå 2020). Dei fleste innpendlarane kjem frå dei same tre kommunane.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.