Akkusativ er ein grammatisk kasus som typisk markerer at eit setningsledd er direkte objekt. Eksempel: I den tyske setninga ich liebe den Hund (eg elskar hunden), er den Hund akkusativ av der Hund (hunden), og det er dette som er det direkte objektet i setninga.

Faktaboks

Uttale
akkˈusativ
Etymologi
Ordet akkusativ er fra latin casus accusativus, ‘anklage-kasus’, feilaktig oversatt fra gresk ptosis aitiatike, ‘den påvirkende kasus’.

Akkusativ finst i mange språk og har som typisk funksjon å markere det direkte objektet i ei setning. Det står då som regel i motsetnad til kasusen nominativ, som markerer subjektet i setninga, og dativ, som markerer det indirekte objektet.

Desse tre kasusa kan illustrerast med denne tyske setninga, som tyder 'Bror min forærer veninna si ein ring':

Setningsledd Subjekt Verbal Indirekte objekt Direkte objekt
Kasus: nominativ - dativ akkusativ
Mein Bruder schenkt seiner Freundin einen Ring
'bror min' 'forærer' 'veninna si' 'ein ring'

Føresetnaden for å seie at eit språk har kasusen akkusativ, er at ein nomenfrase som fungerer som direkte objekt, i nokre tilfelle ser annleis ut enn ein nomenfrase som fungerer som subjekt eller indirekte objekt. Dette er vist med tyske eksempel nedanfor.

Akkusativ i tysk

tysk skil ein oftast mellom nominativ, akkusativ og dativ ved hjelp av determinativ (mellom anna artiklar og possessive pronomen):

'ein ring' 'ringen'
Nominativ ein Ring der Ring
Akkusativ einen Ring den Ring
Dativ einem Ring dem Ring
'bror min'
Nominativ mein Bruder
Akkusativ meinen Bruder
Dativ meinem Bruder
'veninna si/hans'
Nominativ seine Freundin
Akkusativ seine Freundin
Dativ seiner Freundin

Tysk skil mellom nominativ og akkusativ berre i hankjønn eintal.

Annan bruk av akkusativ

I nokre språk blir akkusativ også brukt i adverbiale ledd som uttrykkjer tid og stad. Her er ei tysk setning der ein nomenfrase som fungerer som tidsadverbial, står i akkusativ:

Setningsledd: Tidsadverbial Verbal Subjekt Stadsadverbial
Kasus: akkusativ - nominativ -
Jeden Tag kommen wir weiter
'kvar dag' 'kjem' 'vi' 'vidare'

Akkusativ i norsk

Norrønt hadde fire kasus – nominativ, akkusativ, dativ og genitiv – men kasus finst ikkje lenger i moderne norsk, med eit par unnatak:

  1. I nokre dialektar har dativ overlevd. Dette er nærmare beskrive i artikkelen dativ.
  2. Nokre pronomen har eit skilje mellom ei nominativ-form (eg, du, vi, ho, de) og ei anna kasusform, oblik (meg, deg, oss, henne, dykk), som grovt rekna svarer til både akkusativ og dativ i norrønt.

I norsk får vi fram kva som er subjekt, direkte objekt og indirekte objekt i ei setning, mellom anna ved at desse setningsledda står i ulike posisjonar i setninga.

Akkusativ i samisk

Alle samiske språk har kasuset akkusativ, men på litt ulike måtar.

I nordsamisk har akkusativ same form som genitiv, og ein kallar dette kasuset for akkusativ-genitiv. Her er nokre av kasusa (i eintal) til substantiva gánda 'gut', nieida 'jente', boazu 'rein' og beana 'hund':

'gut' 'jente' 'rein' 'hund'
Nominativ gánda nieida boazu beana
Akkusativ-genitiv gándda nieidda bohcco beatnaga
Illativ gándii niidii bohccui beatnagii

Akkusativ-genitiv markerer mellom anna det direkte objektet og tilstadskasuset illativ markerer det indirekte objektet, som i denne setninga, som tyder 'Jenta selde guten ein hund' / 'Jenta selde ein hund til guten':

Setningsledd Subjekt Verbal Indirekte objekt Direkte objekt
Kasus: nominativ - illativ akkusativ
Nieida vuvddii gándii beatnaga
'Jente' 'selde' 'gut' 'hund'

I sørsamisk har akkusativ og genitiv ulik form:

'gut' 'jente' 'rein' 'hund'
Nominativ plaadtje nïejte bovtse bïenje
Akkusativ plaadtjem nïejtem bovtsem bïenjem
Genitiv plaadtjen nïejten bovtsen bïenjen
Illativ plaadtjese nïejtese bovtsese bïenjese

Og slik seier ein 'Jenta selde guten ein hund' / 'Jenta selde ein hund til guten' på sørsamisk:

Setningsledd Subjekt Indirekte objekt Direkte objekt Verbal
Kasus: nominativ illativ akkusativ -
Nïejte plaadtjese bïenjem doeki
'Jente' 'gut' 'hund' 'selde'

Ulike kasussystem

Det finst mange språk som har store kasussystem, men som likevel ikkje har akkusativ. Det går mellom anna eit viktig skilje mellom språk med kasusa nominativ og akkusativ og språk med kasusa ergativ og absolutiv. I den siste typen er det direkte objektet markert med kasuset absolutiv, som også markerer subjektet til eit intransitivt verb, medan subjektet til eit transitivt verb er markert med kasuset ergativ.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg