Ålesund vart oppretta som bykommune i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret i Noreg. Dei tidlegare kommunane Ålesund og Borgund vart slått saman til ein kommune i 1968. I 1977 vart øya Sula, som utgjorde søre delen av det tidlegare Borgund, skilt ut som eigen kommune.
Skodje kommune vart oppretta i 1849 ved deling av Borgund, og fekk sine endelege grenser i 1916. Ørskog kommune vart oppretta då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå Ørskog vart Sykkylven utskilt i 1883. I 1965 vart Stordal og Skodje slått saman med Ørskog til den nye Ørskog kommune, men denne vart oppløyst i 1977 og dei tre kommunane gjenoppretta.
Haram kommune vart oppretta i 1837. Herfrå vart Vigra skilt ut i 1890. Dei siste grensene sine fekk Haram i 1965 ved samanslåing av Haram (unntatt Harøya), Vatne (unntatt Dryna og Midøya som gjekk til Midsund) og Borgunds område på nordsida av Grytafjorden (Grytastranda, Søvik og Gamlem). Sandøy kommune vart oppretta i 1867 ved deling av dåverande Aukra kommune. Sandøy fekk sine siste grenser i 1965, då den sørlege delen av Harøya vart overført frå Haram. Øya Orten/Orta og dei ubygde øyaee Gåsøya og Lyngværet vart overført frå Sandøy til Aukra i samband med kommunesamanslåinga i 2020.
Den viktigaste bydanninga på Sunnmøre i mellomalderen var Borgundkaupangen på ei halvøy lengst vest på Uksenøya. Fleire andre handelsplassar voks opp ved Borgundfjorden, men først på 1700-talet vart handelsverksemda samla i strandstaden Ålesund, ved sundet mellom Aspøya og Nørve. Ålesund fekk avgrensa ladestadrettar i 1793 og fulle rettar i 1824, og som ladestad fekk Ålesund status som bykommune ved innføringa av det lokale sjølvstyret 1837. Ålesund fekk fulle kjøpstadsrettar i 1848.
Utviklinga av byen skaut særleg fart med veksten i fisket, og dessutan i fiskeforedling og fiskeeksport i siste del av 1800-talet. Etter ein katastrofal brann i 1904 som la heile den sentrale delen av byen i oske, vart Ålesund i løpet av få år bygd opp som ein moderne by i jugendstil. Husa frå denne tida pregar enno dei gamle bydelane.
Ved Borgund kyrkje, som har restar av ei mellomalderkyrkje, ligg Sunnmøre Museum – Borgundkaupangen, distriktsmuseum for Sunnmøre med mellom anna fiskeriavdeling. I nærleiken ligg utgravingane frå kaupangen frå vikingtida. På Tueneset ytst på Hessa ligg Atlanterhavsparken, Nordens største akvarieanlegg, som viser dyrelivet i Atlanterhavet frå nord til sør med vekt på Vestlandsregionen.
Kommentarer (2)
skrev Jonill Storøy
svarte Gunn Hild Lem
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.