Artikkelstart
Festspela er ein nasjonal festival som feirar den nynorske skriftkulturen. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta og Volda.
Faktaboks
- Også kjent som
-
Tidlegare namn: Dei nynorske festspela
Festspela (tidlegare Dei nynorske festspela) vert arrangerte i juni kvart år og er den fremste festivalen for den nynorske skriftkulturen og dei norske dialektane. Dei fleste arrangementa er i Aasen-tunet i Ørsta, men det er også arrangement andre stader i Ørsta og i Volda. Arrangementa spenner frå foredrag og litterære samtalar til konsertar og barneteater. Med åra har talet på arrangement auka, og i 2018 var dei oppe i 70.
Festspela vart første gongen arrangerte i 1992. Ideen oppstod i 1990, men tanken om eit årleg stemne i Åsen vart fremja tidlegare. Tradisjonen med stemne på garden i Åsen går attende til slutten av 1870-åra. 29. august 1992 opna Nynorsk Festspelveke, som det den gongen heitte, på Ørsta-Volda lufthamn. Dei første åra var det ei festspelnemnd som arrangerte festspela, men då Ivar Aasen-tunet vart opna i 2000, var det Nynorsk kultursentrum som overtok.
Festspela har si eiga nettside og gir ut eit eige festspelmagasin. I 2018 hadde Festspela samla inntekter på 2,4 millionar kroner, og om lag 70 medarbeidarar og frivillige var med på å gjennomføre arrangementet. Besøkstalet i 2018 var 7843. I 2020 vart det arrangert digitale festspel på grunn av koronapandemien.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.