Faktaboks

Etymologi

Fyrste led er norrøn sík 'sik, lite stilt vassfar'. Andre led ernorrøn iflir 'lågt, fuktig lende'.

Også kjend som

Sykkelven

Uttale

sykkjelven, sykkjylven

Administrasjonssenter
Aure (Sykkylven)
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
7630 (2023)
Landareal
329 km²
Høgaste fjell
Råna (1586 moh.)
Innbyggjarnamn
sykkylving
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Sykkylven kommune i Møre og Romsdal
Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Sykkylven kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sykkylven

Sykkylven. Aure, administrasjonssenter i Sykkylven, ligg ytst i Sykkylvsfjorden. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sykkylven er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, på sørsida av StorfjordenSunnmøre, søraust for Ålesund.

Sykkylven ligg på ytre del av halvøya mellom Hjørundfjorden i vest og Storfjorden/Sunnylvsfjorden i aust. Kommunen omfattar den rundt ni kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sørgåande arm av Storfjorden, med Velledalen innanfor, og dessutan fjelltraktene omkring.

Sykkylven blei skild ut frå Ørskog i 1883. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1955 då også områda Søvikdalen og Ramstaddalen, som begge ligg på sørsida av Storfjorden, blei overførte frå Ørskog.

Sykkylven grensar til Ålesund i Storfjorden i nord. På land grensar han til Stranda i aust og Ørsta i vest.

Natur

Berggrunnen er i heile kommunen av grunnfjellsalder, men har ein struktur som er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese), og består i all hovudsak av ulike gneisbergartar. Det er nokre mindre marmorførekomstar i dalføret til Aureelva, aust for kommunesenteret, og på eit par mindre område i fjellet nordaust i kommunen er det blottlagt ultramafiske djup-eruptiv (sjå mafisk), mellom anna olivin, i gneisdekkene.

Det meste av Sykkylven består av svært kuperte fjellområde med fjell opptil 1586 meter over havet (Råna i Hjelledalstindane på grensa til Ørsta i sørvest). Desse fjellområda høyrer til dei såkalla Sunnmørsalpane, og er, som namnet tyder på, karakteriserte av eit alpint landskap med høge, spisse fjell og eit kraftig relieff. Dette er eit resultat av særleg fire forhold: dei harde bergartane i grunnfjellet, strukturane i berggrunnen som blei skapte av faldinga i kaledonsk tid, den seinare tertiære landhevinga av landblokka og ikkje minst iserosjonen gjennom fleire istider i dei siste rundt 900 000 åra.

Busetjing

Sykkylven har hatt sterk vekst i folketalet gjennom det meste av etterkrigstida, med meir enn ei dobling av folketalet i perioden 1946–2016 (etter dagens grenser). I tiårsperioden 2006–2016 var auken i folketalet i kommunen noko lågare enn før, gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg mot 1,1 prosent for Sunnmøre og 0,8 prosent for fylket samla sett.

Sykkylvsfjorden har tett busetjing på begge sider, særleg austsida der ho er praktisk talt samanhengande; om lag 4/5 av innbyggarane i kommunen er busette her. Ytst på austsida av fjorden ligg tettstaden og administrasjonssenteret Sykkylven (Aure) med 4431 innbyggjarar (2023). Rett over fjorden ligg tettstaden Ikornnes og i fjordbotnen Straumgjerde med høvesvis 843 og 451 innbyggjarar. I alt bor 74 prosent av innbyggarane i kommunen i tettstader, mot 71 prosent i fylket samla sett (2015). Elles er det ei viss busetjing langs Storfjorden mot Hundeidvik i vest, i dalføret til Aureelva, i Velledalen frå botnen av Sykkylvsfjorden, og dessutan nedst i Søvikdalen og Ramstaddalen nordaust i kommunen.

Kart over Sykkylven kommune
Kart over Sykkylven kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Sykkylven. Tettstadene er til saman 5,0 km², og omfattar 2 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Aure 4 413 58 % 3,6 km²
Ikornnes 843 11 % 1,0 km²
Straumgjerde 451 6 % 0,5 km²
Sum 5 707 76 % 5,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sykkylven kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industrien den viktigaste næringa i Sykkylven, målt etter talet på arbeidsplassar. Industrien har 42 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 50 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2015). Møbel- og innreiingsproduksjon er den dominerande bransjen med 81 prosent av industrisysselsetjinga i 2013. Enkelte av dei største fabrikkane i landet i denne bransjen ligg i kommunen (mellom anna Ekornes ASA). Elles har Sykkylven ein variert verkstadindustri som sysselset 17 prosent av dei tilsette i industrien.

Mindre enn to prosent av arbeidsplassane i Sykkylven er i primærnæringane. Jordbruksareala ligg langs fjorden og i dalføra. Bruka er små og har hovudvekt på husdyrhald (storfe og sau).

Av dei busette yrkesaktive i kommunen har 20 prosent arbeid utanfor kommunen. Åtte prosent av desse arbeider i Ålesund, tre prosent i Stranda og to prosent i resten av kommunane på Sunnmøre (2015).

Kraftproduksjon

Sykkylven er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Møre og Romsdal, men er ein relativt liten kraftkommune på landsbasis. Dei seks vasskraftverka i kommunen produserer til saman 64,4 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Riksheim (i drift fra 1918), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Riksheimdal (2003) og Brunstad (2010). Sykkylven Energi er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Brunstad Kraft med om lag ein femtedel.

Samferdsel

Sykkylven har ferjesamband over Storfjorden til Magerholm i Ålesund kommune (fylkesveg 60). Vegen held fram sørover gjennom Velledalen, Myrdalen og Hevsdalen til Stranda og vidare sørover til E39 i Volda og Nordfjord. Det går bru over Sykkylvsfjorden mellom kommunesenteret og Ikornnes og veg vidare til Hundeidvik. Derfrå går det ferje til Festøya i Ørsta og Solavågen i Sula (europaveg 39).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I administrasjonssenteret ligg den fylkeskommunale Sykkylven vidaregåande skule.

Sykkylven høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.

Sykkylven kommune svarer til dei to sokna Ikornnes og Sykkylven i Nordre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sykkylven til Søndmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sykkylven

For statistiske føremål er Sykkylven kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Sørestranda – Velledalen: Hundeidvik, Tusvik, Ytre Ikornnes, Indre Ikornnes, Riksheim, Straumgjerde, Drabløs, Brunstad, Hole
  • Sykkylven: Aursnes, Aurdal, Ullavik, Aure, Vik, Tynes, Søvikdal, Ramstaddal

Historikk og kultur

I Sykkylven sentrum (Aure) er det gjort funn av buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealder. Her ligg også Sykkylven Naturmuseum med oppbygd naturlandskap for 250 fuglar og dyr, og med sommarfuglsamling. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong bygd i 1990. Møbelmuseet, som utgjer ein del av Stiftinga Viti (tidlegare Stiftinga Sunnmøre museum), ligg i Aure. Her kjem avisa Nyss ut to gonger i veka.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har ein blå spiss laga med bogelinjer mot sølvfarga bakgrunn. Motivet viser til Sykkylvsfjorden.

Namnet er eit opphavleg fjordnamn, norrønt Síkiflir. Førsteleddet er sík, ‘lite bekkefar‘ eller 'lita vik, dam'. Sisteleddet er norrønt iflir, ‘lågt, fuktig lende', og siktar til Sykkylvsfjorden. Sjå elles Sunnylven – tidlegare kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Aurdal, Gustav Weiberg og Martin Gjævenes: Sykkylven : gardssoga, 1972–83, fire bind
  • Tandstad, Ola: Sykkylven i eldre tid, 1962

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg