Faktaboks

Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur

Offisielt namn
NYNORSK KULTURSENTRUM, MUSEA FOR SKRIFTKULTUR
Organisasjonstype
Stiftelse
Forretningsadresse
Hovdebygda
Stifta
30.08.1993
Dagleg leiar
Olav Opsvik
Styreleiar
Jan Olav Baarøy
Logo
Logo
Av .

Aasentunet i Ørsta kommune er teikna av Sverre Fehn.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting og ein nasjonal kulturinstitusjon som arbeider for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal vere den viktigaste formidlaren av nynorsk identitet og sjølvtillit. Nynorsk kultursentrum femner om avdelingane Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum vart grunnlagd 30. august 1993 under namnet Ivar Aasen-stiftinga, men skifta namn i 1998. 24 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga, som har hovudkontor i Ørsta. Det som starta som ei stifting knytt til Ivar Aasen-museet i Ørsta og Nynorsk Festspelveke i Ørsta/Volda, har vakse til tre senter og tre festivalar, og dessutan eit fond for nynorsk journalistikk. Nynorsk kultursentrum arrangerer Festspela i Ørsta og Volda, Poesifestivalen i Ulvik og Litteraturdagane i Vinje.

Dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur

Hovudføremålet til Nynorsk kultursentrum er å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga eig og forvaltar samlingane ved dei tre sentera, driv med dokumentasjon og forsking, og formidlar kunnskap om nynorsk skriftkultur gjennom festivalar, utstillingar, omvisingar, digitale tenester og publisering. Samtidig har Nynorsk kultursentrum fått som samfunnsoppdrag å arbeide for at det skal vere lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar.

Ottar Grepstad (direktør 1999–2018) vart tilsett som første direktør i Nynorsk kultursentrum i 1999, då den nye museumsbygningen i Aasen-tunet var under bygging. Saman med styret og rådet for Nynorsk kultursentrum stod han sentralt i arbeidet med å forme dokumentasjons- og opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur. Direktør frå 2023 er Olav Øyehaug Opsvik.

Samlande faktor for nynorskorganisasjonar

Nynorsk kultursentrum har vore ein samlande faktor i arbeidet for å fremje nynorsken. Mellom anna er direktøren sekretær for Nynorsk forum – eit strategiforum for 17 organisasjonar som arbeider med eller for nynorsk.

Nynorsk kultursentrum tok initiativ til og var sekretariat for Språkåret 2013, som hadde grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet til Det Norske Teatret. Vidare tok Nynorsk kultursentrum initiativ til nettverket for litteraturmuseum i Noreg og eit nettverk for språkmuseum internasjonalt.

Forsking og dokumentasjon

Når det gjeld forsking og dokumentasjon, publiserer dei tilsette ved Nynorsk kultursentrum jamleg ny forsking om nynorsk skriftkultur på ulike samfunnsområde. Særleg viktig er det at senteret presenterer statistikk og fakta om nynorsken på ulike samfunnsområde. Senteret forvaltar dessutan Vinje-fondet for nynorsk journalistikk og driv fleire nettstader, inkludert nettbutikk og barneside.

I samband med dei nemnde festivalane deler Nynorsk kultursentrum ut prisane Årets nynorskbrukar og Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar, og senteret er med i juryane for Storegutprisen og Diktartavla.

Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum i 2015. I grunngivinga vart det lagt vekt på at institusjonen er offensiv, alliansebyggjande og framtidsretta, går i bresjen for nye nettverk og samarbeid, og arbeider systematisk med å formidle språkarven digitalt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Nynorsk kultursentrum
Sektorkode
6500 Kommuneforvaltningen
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted; 91.022 Drift av kulturhistoriske museer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg