Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, sørvest for Ålesund. Ulstein omfattar den vestlege halvdelen av øya Hareidlandet, Dimnøy (Dimna) i den tronge og uoversiktlege fjordstrekninga mellom Hareidlandet og Gurskøya, øya Eika sør for Hareidlandet og nokre mindre øyar i vest.
Ulstein kommune blei oppretta som kommune ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Frå kommunen blei Vartdal skilt ut 1895, likeins blei Hareid skilt ut i 1917. Etter utskiljinga i 1917 var Ulstein 88 kvadratkilometer og hadde 2336 innbyggjarar. Ulstein fekk dei noverande grensene i 1964, då Eiksund-området lengst sør på Hareidlandet og øya Eika blei overført frå Herøy.
Ulsteinvik har etter vedtak i Ulstein kommunestyre bystatus frå år 2000.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.