Faktaboks

Administrasjonssenter
Tingvollvågen
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
3 041 (2024)
Landareal
322 km²
Høgaste fjell
Smisetnebba (1176 moh.)
Innbyggjarnamn
tingvollgjelding
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Tingvoll kommune i Møre og Romsdal
Tingvoll kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Tingvoll kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tingvoll

Tingvoll. Utsikt frå Tingvoll mot Tingvollfjorden. Reinfjellet i Gjemnes viser i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Tingvoll er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Tingvoll ligg søraust for KristiansundNordmøre. Kommunen består av den langstrekte halvøya mellom Halsafjorden/Trongfjorden i aust og Tingvollfjorden i vest, og dessutan av Aspøya ved munningen av Tingvollfjorden.

Tingvoll blei oppretta som kommune 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Øre og Straumsnes skilde ut som eigne kommunar i høvesvis 1855 og 1866. I 1964 blei Straumsnes igjen ein del av Tingvoll, og samstundes blei den vestre delen av Aspøya overført frå Frei. Dei noverande grensene sine fekk Tingvoll 1965, då området Sandneset-Åsprong ved Ålvundfjorden blei skilt ut frå dåverande Stangvik kommune og lagt til Tingvoll, samstundes som Tingvoll sine område på vestsida av Tingvollfjorden blei overførte til Gjemnes.

Tingvoll grensar mot Sunndal inst på Tingvollhalvøya i søraust. Elles går grensene i sjøen: Tingvollfjorden og Freifjorden i vest, Årsundfjorden i nord og Halsafjorden/Trongfjorden i aust.

Natur

Berggrunnen består hovudsakleg av gneis av grunnfjellsalder, til dels påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (den kaledonske orogenesen). Landskapet vekslar mellom bratte fjordsider og opne viker, mellom avrunda åsar og fjell som aukar i høgd frå vel 500 meter over havet i nord til 1175 meter over havet (Smisetnebba) på grensa til Sunndal i sør. Tvers over halvøya går fleire låge eid som følgjer strøkretninga sørvest-nordaust i den kaledonske fjellkjedefaldinga, mellom anna ved Meisingset, Tingvollvågen, Torjulvågen og Kanestraum.

Busetjing

Busetjinga ligg spreidd langs kysten og i dei låge eida over halvøya og er særleg konsentrert til administrasjonssenteret Tingvollvågen ved Tingvollfjorden, midt på halvøya. Tettare busetjing finn ein òg i Torjulvågen aust på halvøya og i Kvisvika i nordvest.

I perioden frå 1950 og fram til siste del av 1990-talet viste folketalet i Tingvoll stort sett tilbakegang, men frå siste del av 1990-talet har det vore relativt stabilt. I tiårsperioden 2007–2017 hadde folketalet ein liten vekst på gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg, mot 0,4 prosent for kommunane på Nordmøre og 0,8 prosent for fylket samla sett.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Tingvollvågen med 1017 innbyggjarar (2023). 33 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,3 km².

Kart over Tingvoll kommune
Kart over Tingvoll kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Tingvoll har eit godt jordbruk med hovudvekt på storfehald. Det blir òg drive noko sauehald. Over tredjeparten av arealet i kommunen er produktiv skog, og avverkinga i 2015 var 19 150 m3. På Nordmøre hadde berre Surnadal og Halsa større avverking dette året. I alt ti prosent av arbeidsplassane i kommunen er i primærnæringane (2016). I Tingvoll blir det elles drive noko fiskeoppdrett.

Industrien i Tingvoll er relativt beskjeden og omfattar 9 prosent av arbeidsplassane til kommunen – 20 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Tingvoll har fleire tekstilbedrifter med til dels lange tradisjonar, og denne bransjen har i alt 54 prosent av dei tilsette i industrien i kommunen (2016). Kommunen har elles nokre mindre verksemder innan næringsmiddelindustri, trelast-/trevare-/møbelindustri og metallvareindustri, som hadde høvesvis 18, 12 og 11 prosent av dei tilsette i industrien i 2016. Innan næringsmiddelindustrien merkjer gardsmeieriet Tingvollost seg ut med blåmuggosten «Kraftkar», som blei kåra til den beste osten i verda i 2016.

Tingvoll har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 16,4 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Skar (i drift fra 1920), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen. Neas er hovudeigar av om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Gyl Kraft med om lag ein fjerdedel.

Av Tingvolls busette arbeidstakarar har 37 prosent arbeid utanfor kommunen: 14 prosent i Kristiansund, 7 prosent i Sunndal, 3 prosent i Molde og 3 prosent i dei andre kommunane på Nordmøre (2016).

Samferdsel

Riksveg 70 (OppdalSunndalsøraKristiansund) kjem inn i kommunen langs Ålvundfjorden på austsida av Tingvollhalvøya, går over eidet ved Meisingset og følgjer vestsida av halvøya til Øygarden ved munningen av Tingvollfjorden der han møter E39 (Kristiansand–Trondheim). Riksveg 70 og E39 har felles trasé over Aspøya til Bergsøya i Gjemnes – derifrå går riksveg 70 nordover til Kristiansund (Krifast) og E39 sørover til Molde. Frå Kanestraum går det bilferje på E39 over Halsafjorden til Halsanausta. Fylkesvegar knyter saman grendene på austsida av halvøya med riksveg 70.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Tingvollvågen ligg Tingvoll vidaregåande skole.

Tingvoll høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i det interkommunale politiske rådet Nordmøre IPR saman med Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal og Surnadal.

Tingvoll kommune svarer til dei to sokna Straumsnes og Tingvoll i Indre Nordmøre prosti i Møre bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tingvoll til Nordmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Tingvoll

For statistiske formål er Tingvoll kommune (per 2021) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Tingvoll: Gyl, Torjulvågen, Vågbø, Tingvollvågen nord, Tingvollvågen aust, Tingvollvågen sør, Meisingset, Skar
  • Straumsnes: Aspa, Aspøy, Eikrem, Ulset, Grimstad, Kvisvik, Årsund, Rakstang, Kanestraum

Historikk og kultur

Ved tettstaden Tingvollvågen ligg Tingvoll kyrkje, ei steinkyrkje bygd som fylkeskyrkje på andre halvdel av 1100-talet i dels romansk stil, dels gotisk stil. Kyrkja har mellomalderske kalkmåleri og elles eit rikt interiør med mellom anna preikestol i seinrenessanse og altartavle i barokk. Straumsnes kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1864. Ved tettstaden ligg også Tingvoll museum med ei rekkje gamle hus.

I bergveggen ved Hindhammer nokre kilometer sør for bygdesenteret er det eit større felt med 4000–5000 år gamle hellemåleri. På Aspøya er det minne frå vikingtida, mellom anna gravrøyser og tre bautasteinar.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har fem grøne eikeblad i rosett mot eit ein sølvfarga bakgrunn. Noregs nordlegaste frittveksande eikeskog ligg i Tingvoll kommune.

Namnet er opphavleg namnet på den noverande prestegarden, norrønt þingvǫllr, vollen eller sletta der tinget blir halde.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brakstad, Edvard & Lamvik, Martin: Bygdehistorie for Tingvoll og Straumsnes, 1970-77, 3 b.
  • Fjørtoft, Magnar: Tingvoll : ut mellom fjordane lange, 2002, isbn 82-7780-044-4
  • Hyldbakk, Hans: Gards- og ættesoge for Tingvoll, 1961-65, 3 b.
  • Roaldset, Ottar: Gards- og ættesoge for Straumsnes, 1990-99, 3 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg