Möðruvallabók
Dei ulike sagaene er bevarte i ei rekkje handskrifter, dei eldste frå 1200-talet. Ei side frå Njålssoga i Möðruvallabók. Möðruvallabók er eit handskrift frå 1300-talet som inneheld teksten til i alt elleve islendingesagaer, mellom anna Njålssoga og Egilssoga.
Codex Regius og Flatøyboka

Manuskripta Flateyjarbók (open) og Codex Regius (ståande). Flateyjarbók inneheld ei rekkje kongesagaer, først og fremst sagaene om Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, i tillegg til fleire andre sagaer som mellom anna Jómsvíkinga saga, Færeyinga saga og Orkneyinga saga. Codex Regius inneheld dei fleste av dikta i Den eldre Edda. Begge er ein del av Den Arnamagnæanske Samling.

Árni Magnússon

Árni Magnússon er kjend for innsamlinga si av nordiske mellomalderdokument, blant dei fleire sagaer. Samlinga med dokument som Árni samla inn, blir kalla Den Arnamagnæanske samling.

Av .

Saga er ei forteljing som høyrer til den norsk-islandske litteraturen frå mellomalderen. I norrøn språkbruk betyr saga både munnleg og skriven forteljing, utan omsyn til lengd, innhald eller form. Ein har skilt mellom «sann-saga» og «lygi-saga», men grensa går ikkje alltid der ein no ville ha sett henne mellom historie og dikting.

Faktaboks

Etymologi

norrønt saga ‘forteljing’, til segja ‘seie, fortelje’

Fleire av dei islandske sagaene er stor kunst, til dømes Njålssoga (Njáls saga), Soga om Ramnkjell Frøysgode, Soga om laksdølane (Laxdœla saga), Bandamanna saga og Heimskringla. Sagaene blei skrivne rundt perioden 1160–1400.

Forfattarar

Sagaene har for det meste anonyme forfattarar. Berre enkelte konge- og samtidssagaer har namngitte forfattarar, til dømes Snorre Sturlason og Sturla Tordarson. Alle islendingesagaer er anonyme, men fleire forskarar har i nyare tid lagt fram hypotesar om kven som har forfatta enkelte av dei.

Ulike slags sagaer

Ein kan dele inn sagaene etter emne: kongesagaer om dei norske (og danske) kongane, islendingesagaer eller ættesagaer om livet til islendingane frå cirka 900–1050 og biskopsagaer om dei islandske biskopane.

Ein har òg delt inn sagaene i oldtidssagaer, fortidssagaer og samtidssagaer, alt etter kor lang tid som kan ha gått mellom hendingane og den tida sagaene blei skrivne. Enkelte biskopsagaer er samtidssagaer, og det same er Sturlungasoga. Dei kongesagaene som handlar om Sverreætta, er samtidssagaer (Sverresoga, Soga om Håkon Håkonsson, Baglarsogene og Soga om Magnus Lagabøte).

Fornaldersagaer har emne frå heltediktinga og forhistorisk tid. Omsette sagaer er anten helgensagaer, riddarsagaer eller reine eventyrsagaer. Desse blei omsette både i Noreg og på Island.

Forsking og omsetjingar

Humanismen på 1500- og 1600-talet

Vitskapleg forsking på den norrøne sagalitteraturen byrja under renessansehumanismen, då ein i Noreg byrja å omsetje dei norske kongesagaene til dansk etter handskrifter som var i Noreg. Spesielt viktig blei presten Peder Claussøn si omsetjing av heile Heimskringla og fleire andre kongesagaer (fullført i 1599). Den islandske presten Arngrímur Jónsson forfatta fleire verk på latin om historia til Island, Grønland og resten av Norden med grunnlag i sagahandskrifter. Sentralt i forskinga på denne tida står den danske professoren Ole Worm, som mellom anna sørgde for å få Peder Claussøns sagaomsetjing trykt i 1633.

Historieskriving og systematisk innsamling

Sagalitteraturen blei lenge først og fremst oppfatta som historiske kjeldeskrifter som kunne gi ei patriotisk framstilling av historia til dei nordiske rika. Dette forklarer den sterke interessa som leiande krinsar i begge dei nordiske monarkia viste for den nyoppdaga sagalitteraturen. På 1600-talet og byrjinga av 1700-talet blei det gjort ei systematisk innsamling av sagahandskrifter på Island og i Noreg, og handskriftene blei sende til Danmark og Sverige for oppbevaring og avskriving. Den mest berømte av dei som stod for dette innsamlingsarbeidet, var islendingen Árni Magnússon.

Vitskaplege utgåver og fleire omsetjingar

I Sverige var ein først ute med å trykkje sagautgåver på originalspråket, i 1664. Det kom fleire fornaldarsagaer seinare, og i 1697 kom Heimskringla-utgåva til Johan Peringskiöld. Ei revidert utgåve av Peder Claussøns kongesagaomsetjing, trykt i København i 1757, blei svært utbreidd og fekk mykje å seie i Noreg. I 1772 blei Den Arnamagnæanske Commission oppretta i København for å arbeide med mellom anna sagautgåver. Nordmannen Gerhard Schøning byrja i 1777 på ei ny vitskapleg Heimskringla-utgåve (fullført i 1826). Den første trykte utgåva av islendingesagaer kom ut på Island i 1756. Den danske teologen Peter Erasmus Müller sitt Sagabibliothek gav for første gong eit allment overblikk over sagalitteraturen, med ei inndeling i typar og eit forsøk på kritisk vurdering av den historiske kjeldeverdien av dei ulike sagatypane.

Debatt om opphav og kjeldeverdi

På 1800-talet blei det mest vesentlege av sagalitteraturen gitt ut på trykk, mest i dei nordiske landa, i Storbritannia og i Tyskland. Eit aktuelt spørsmål på den tida var den nasjonale tilhøyrsla til sagaene. Ikkje minst i Tyskland og Danmark var ein opptekne av at sagaverka var uttrykk for germansk eller fellesnordisk åndsarv. Mot dette hevda «den norske historiske skulen» (særleg Rudolf Keyser) at sagaene var eksklusivt norsk-islandske. Sagaer som handla om den heidenske tida, hadde levd fullt utforma på folkemunne frå den gongen hendingane skjedde, og inntil dei blei nedskrivne i kristen tid.

Teorien om den førlitterære munnlege sagaen hadde tilhengjarar til langt inn på 1900-talet. Tilliten at kongesagaene og islendingesagaene var historisk truverdige, var òg nøye knytt til denne læra, sterkt framheva av mellom anna professor Finnur Jónsson i København. Allereie frå midten av 1800-talet (Carsten Hauch) hadde det likevel vore forskarar som byrja å gjere sagatekstane til emne for estetisk analyse.

Den islandske skulen

Den litterær-estetiske vurderinga av sagaene, først og fremst islendingesagaene, fekk ny næring då Island i 1911 fekk sitt eige universitet, der professor Björn Magnússon Ólsen grunnla «den islandske skulen» i sagaforskinga. Han blei etterfølgd av Sigurður Nordal og Einar Ólafur Sveinsson. Den islandske skulen avviser ikkje at det i mange sagaer kan finnast element av gamal munnleg overlevering om hendingar som verkeleg har hendt, mest i kongesagaene, mindre i islendingesagaene. Men skulen hevdar at sagaene som heilskapar er skapte av litterært arbeidande islandske forfattarar, særleg i perioden 1150–1350. Dette ser no ut til å vere allment godteke.

Spørsmålet om alderen på ei rekkje sagaer er framleis omstridd. I moderne sagaforsking er ein elles oppteken av samanhengen mellom sagalitteraturen og annan europeisk litteratur og av den sosialhistoriske bakgrunnen til sagaene. Det blir no utført sagaforsking vidt omkring i verda.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bekker-Nielsen, Hans, Thorkil Damsgaard Olsen og Ole Widding (1965). Norrøn fortællekunst: kapitler af den norsk-islandske middelalderlitteraturs historie. København: Akademisk forlag.
  • Sørensen, Preben Meulengracht (1995). Fortelling og ære: studier i islendingesagaerne. Oslo: Universitetsforlaget. Les boka på nb.no

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg