Dativ er i grammatikken ein kasus som typisk blir nytta for det indirekte objektet – det setningsleddet som viser til ein mottakar eller den som handlinga skjer til fordel eller ulempe for.
dativ
Mottakar
I desse setningane frå tysk, islandsk og latin står mottakaren i kasusen dativ og har den syntaktiske funksjonen indirekte objekt:
Tysk: 'Han gav mannen brevet'
subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt | verbal |
---|---|---|---|---|
Er | hat | dem Mann | den Brief | gegeben |
han.NOMINATIV | har | mannen.DATIV | brevet.AKKUSATIV | gjeve |
Islandsk: 'Han gav mannen boka'
subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt |
---|---|---|---|
Hann | gaf | manninum | bókina |
han.NOMINATIV | gav | mannen.DATIV | boka.AKKUSATIV |
Latin: 'Ho/han gav mannen boka'
direkte objekt | verbal | indirekte objekt |
---|---|---|
Librum | dedit | virō |
bok.AKKUSATIV | ho/han gav | mann.DATIV |
Den som handlinga skjer til fordel eller ulempe for
Eit indirekte objekt i dativ kan som regel også vise til den/dei som handlinga skjer til fordel eller ulempe for. Dette kan illustrerast med ei tysk setning:
Tysk: 'Han viste mannen brevet'
subjekt | verbal | indirekte objekt | direkte objekt | verbal |
---|---|---|---|---|
Er | hat | dem Mann | den Brief | gezeigt |
han.NOMINATIV | har | mannen.DATIV | brevet.AKKUSATIV | vist |
Dativ i norsk
Norsk skriftspråk har ikkje dativ. Det norrøne systemet med fire kasus (nominativ, akkusativ, dativ, genitiv) har forsvunne, og funksjonane til kasusa er overtekne av leddstilling (rekkjefølgja på setningsledda) og preposisjonar. Men ei ending -e, som opphavleg uttrykte dativ, finst i mange faste uttrykk på substantiv etter ein preposisjon, jamfør i live, av garde, gå mann av huse, i tide og i hende. Vi fell i søvn, men vi går i søvne.
Dativ var den kasusen som overlevde lengst, og dativ ved substantiv i bunden eintal og fleirtal har vore eit karakteristisk drag ved nokre norske dialektar fram til våre dagar, i området frå grensa mot Nordland gjennom det indre av Trøndelag til Nordhordland og Voss og til Hallingdal, Toten, Hedmark og Solør. I dag ser denne dativen ut til å vere på veg ut; dei fleste stader er han berre i bruk mellom eldre folk.
Desse setningane, her skrivne i tilnærma standardisert ortografi, viser ein bruk av skiljet mellom dativ og nominativ som er vanleg i dei dialektane som har teke vare på dette kasusskiljet:
Han Ola går ned på vegen. (Ola går nedover mot vegen.)
Han Ola går nedpå vega. (Ola er nede på vegen og går bortover.)
Hankjønnssubstantivet veg har mange stader suffikset -en i bunden nominativ eintal og suffikset -a i bunden dativ eintal. Nominativ blir nytta etter ein preposisjon for å uttrykkje rørsle mot eit mål, medan dativ blir nytta etter ein preposisjon for å uttrykkje at noko(n) er på ein stad.
For bunden dativ fleirtal er -om det vanlegaste suffikset – jamfør Twist oppi dalom, tittelen på ei plate som den kjende norske songaren Sølvi Wang gav ut i 1962.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.