Ålesund (tettstad)

Ålesund sentrum sett frå Aksla.

Artikkelstart

Ålesund er ein tettstad i kommunane Ålesund og Sula i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 28,4 km², og har 53 900 innbyggjarar (2020); 83,8 prosent i Ålesund, 16,2 prosent i Sula. Ålesund er den niande mest folkerike tettstaden i Noreg.

Faktaboks

Innbyggertall
53 900 (SSB, 2020)
Landareal
28,4 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
6025 Ålesund

Ålesund tettstad omfattar den samanhengande bymessige busetnaden i Ålesund og Sula kommunar i Møre og Romsdal. Ålesund er den største tettstaden i fylket.

Ålesund

Ålesunds del av tettstaden ligg på øyene Hessa (4,0 km2), Aspøya (0,5 km2), Nørve (5,0 km2) og Uksenøya. Dei 44 518 innbyggarane i Ålesunds del av tettstaden utgjer 68 prosent av innbyggartalet i nye Ålesund kommune (tal frå 2019).

Ålesund kyrkje frå 1909 ligg på Aspøya og er teikna av Sverre Knudsen med utsmykkingar av Enevold Thømt. Aalesunds Museum vest på Nørve har mellom anna samlingar som syner framveksten av byen. Fiskerimuseet ligg i Holmbua nordaust på Aspøya; det vart opna i 1998.

Utsiktspunkt nær sentrum er Sukkertoppen (314 meter over havet) på Hessa og byfjellet Aksla (189 meter over havet) på Nørve.

I Ålesund finst NTNU Ålesund, den tidlegare Høgskolen i Ålesund, med avdelingar for mellom anna ingeniørfag og maritime fag, elektrofag og helsefag. Ålesund har tre fylkeskommunale vidaregåande skular: Ålesund vidaregåande skule, Fagerlia vidaregåande skule og Borgund vidaregåande skule.

Bysenteret med forretningar, administrasjon, hotell og offentleg og privat tenesteyting ligg ved Hellesundet mellom Aspøya og Nørve, og mot hamneområda med kaianlegg både på sør- og nordsida. Indre hamnebasseng ligg ved nordre munning av Hellesundet. Sentrumsareala er små, og senteret trongt. Det særprega fuglefjellet Rønneberghaugen vart etter stor strid sprengt vekk for å gi større plass til sentrum.

Byutviklinga har sidan 1980-åra i stor grad skjedd austover frå bysenteret, langs E136 og fylkesveg 60. Tettbebyggelsen dekker store delar av øyene Hessa, Aspøya, Nørve og Uksenøya og strekker seg gjennom Spjelkavik nesten til Magerholm på fylkesveg 60, likeins sørover langs E 39 over Vegsundet til nabokommunen Sula.

Ålesund lufthamn, Vigra ligg på øya Vigra i Giske kommune, nord for tettstaden.

Sula

Ålesund tettstad omfatter også den samanhengande tettbebyggelsen på nordsida av øya Sula i sør, blant anna Langevåg, Fiskarstrand, Mauseidvåg og Veibust, til saman 8716 innbyggarar. Denne heng ved Vegsundet saman med tettbebyggelsen som strekker seg austover frå Ålesund sentrum. 94 prosent av innbyggarane i Sula kommune bur i Ålesund tettstad.

Kart

Kart over Ålesund sentrum. Tallene på kartet viser til: 1) Rådhus. 2) Aalesunds Museum. 3) Busstasjon. 4) Ålesund kirke. 5) Tinghus. 6) Atlanterhavsparken (akvarium).

Av /KF-arkiv ※.
Ålesund
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg