Faktaboks

Også kjend som
tidligere Fosnavåg/Leinstrand
Innbyggjartal
3524 (SSB, 2023)
Landareal
3,1 km²
Tettstadsnummer
6043 Fosnavåg
Foto av Herøy rådhus i Fosnavåg
Herøy rådhus i Fosnavåg.
Foto av Herøy rådhus i Fosnavåg
Av /NTB.

Fosnavåg er ein tettstad i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,1 km², og har 3524 innbyggjarar (2023).

Fosnavåg er administrasjonssenter i Herøy kommune på Sunnmøre og ligg rundt ein om lag 700 meter lang våg som skjer inn på nordsida av Bergsøya. Herøy kommunestyre vedtok 2002 bystatus for Fosnavåg.

Næringslivet er i stor grad basert på sjøfart, med hovudbase for fleire reiarlag, og fiske, under dette ein stor havfiskeflåte, fiskeoppdrett og fisketilverking. Det er og ein variert småindustri med mange underleverandørar til skipsfarta.

Avisa Vestlandsnytt kjem ut i Fosnavåg. Det er fylkeskommunal vidaregåande skule.

Namn

Fyrsteleddet av namnet er eit eldre namn på Bergsøya, norrønt Fólgsn, 'gøymestad' til norrønt fela, 'gøyme' eller 'skjule', siktar truleg til plasseringa ved den gode hamna på staden.

Kart

Fosnavåg
Fosnavåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg