Faktaboks

Innbyggjartal
2449 (SSB, 2023)
Landareal
2,2 km²
Tettstadsnummer
6192 Åndalsnes
Rampestreken
Utsiktsplattformen «Rampestreken» er et populært utfartssted i Rauma, med utsikt over Åndalsnes og utover fjorden.
Av /Shutterstock.
Åndalsnes
Åndalsnes havn og sentrum, med Norsk tindesenter.
Av /Shutterstock.

Åndalsnes er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,2 km², og har 2449 innbyggjarar (2023).

Åndalsnes er administrasjonssenter i Rauma kommune, og ligg ved utløpet av Raumas i Romsdalsfjorden. Åndalsnes er eit stort kommunikasjonssenter. Her er endestasjon for Raumabanen til Dombås, der han er knytt til Dovrebanen. Frå Åndalsnes går vegar vidare til Ålesund (E136) og Molde og Kristiansund (Fv. 64/E 39). E 136 fører opp gjennom Romsdal til Dombås og E6.

Åndalsnes har ein del industri; mellom anna produksjon av mineralske produkt, møbel-, verkstads- og tekstil- og klesindustri. Åndalsnes har stor turisttrafikk og er eit senter for fjellklatring. Norsk Tindemuseum ligg i tettstaden. Norsk Fjellfestival og fleire musikkfestivalar blir arrangert kvart år. Åndalsnes Avis kjem ut tre gonger i veka.

Åndalsnes spelte ei viktig rolle under felttoget i Noreg i 1940. Her blei britiske styrkar landsett 12.–17. april. Staden blei bomba av tyskarane 23. april og blei sterkt øydelagt. Britane forlét Åndalsnes 2. mai og etterlét seg mykje øydelagt krigsutstyr.

Rauma kommunestyre vedtok i 1996 at Åndalsnes skal nytte nemninga by.

Namnet er samansett av gardsnamna Åndal (kan vere av norrønt ǫrn, 'ørn' eller ámr, 'rustraud, mørk') og Nes. Namnet i denne samansetninga er brukt første gong i 1888 om poststaden Aandalsnæs.

Kart

Åndalsnes
Åndalsnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg