Kors i Romsdalen
Kors i Romsdalen, med Trollveggen i bakgrunnen.
Kors i Romsdalen
Av /Shutterstock.
Romsdalen

Romsdalen. Parti frå Sogge med elva Rauma. Romsdalshorn i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Romsdalen er eit dalføre i Romsdal som strekkjer seg frå botnen av Romsdalsfjorden ved Åndalsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal, og 60 kilometer søraustover til Lesjaskogsvatnet (611 meter over havet) i Lesja kommune i Innlandet. Gjennom dalen renn elva Rauma.

Natur

Romsdalen
Nedre del av Romsdalen er ein typisk u-dal, djupt nedskoren mellom høge fjell.
Av .
Lisens: CC BY NC 3.0

Nedst er dalen slak og open med sandterrassar på begge sider. Høgare oppe blir han trongare og brattare. På begge sider er dalen omgitt av høge, bratte fjell med typisk alpint preg. Blant dei mest kjende fjella er Romsdalshornet (1550 meter over havet) og Venjetindane (1852 meter over havet) i aust og Trolltindane (1797 meter over havet) i vest. Den austre veggen av Trolltindane er den berømte Trollveggen med om lag 1000 meter loddrett fall. For fjellklatring er Romsdalen eit eineståande område.

Eit særtrekk ved fleire av sideelvane i øvre del av Romsdalen er at dei dannar såkalla agnordalar (mothakedalar), det vil seie at dei munnar ut i hovuddalføret med ei nesten motsett hovudretning av Raumas løp. Døme på dette er Verma og Ulvåa frå sør og Bøvre frå nord. Dette fenomenet kjem den tertiære landhevinga av som var sterkast i vest og medførte eit vasskilje som låg langt vest. Elvane som rann mot vest, fekk på den måten særleg sterk erosjonsevne og kunne grave seg innover i landet og på den måten «fange opp» elvar som tidlegare rann mot aust.

Vasskraft

Ved elva Rauma ligg kraftstasjonen Verma med ei maksimal yting og gjennomsnittleg årsproduksjon på høvesvis 9,3 MW og 63 GWh, og kraftstasjonen Grytten med 143,5 MW og 652 GWh. Grytten kraftverk ligg i fjellet under Romsdalshorn og får vatn overført frå Eikesdalen. Dessutan er det utbygd fem mindre verk i elva (2012) med ein samla gjennomsnittleg årsproduksjon på 5 GWh.

Samferdsel

E136 og jernbane (Raumabanen) går gjennom dalen. I det brattaste og trongaste partiet, ved Verma, går banen i ein dobbeltslyng med to vendetunnelar. Ved Sogge bru nede i dalen går fylkesveg 63 over fjellet til ValldalenSunnmøre (Trollstigvegen, nasjonal turistveg).

Namnet

Namnet kjem av norrønt Raumsdalr, av elvenamnet Rauma. Det er mogleg at Rauma først har gitt namn til fjorden, som før heitte Raumr, og at dalen har fått namn etter fjorden. Namnet er utolka, men kan ha samanheng med nynorsk straum.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bruaset, Oddgeir: Romsdal : folket og landskapet, 1997, isbn 82-521-4939-1

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg