Stad er ei halvøy i Stad kommune i Vestland fylke. Halvøya ligg lengst nord i fylket, nær grensa til Møre og Romsdal. Stad blir rekna som grensa mellom Norskehavet og Nordsjøen på norskekysten. Kysten er vêrhard med sterk vind og mykje regn.
Faktaboks
- Uttale
-
statt
- Etymologi
- staðr, ‘stanse’
- Også kjent som
-
Stadlandet
Halvøya er eit fjellplatå på omkring 500 meter over havet. Éin topp, Torvaldsegga, ragar vesentleg over dette med 645 meter over havet. Fjellplatået er gjennomskôre av fleire låge eid, dei fleste på tvers av halvøya mellom Sildegapet i sørvest og Vanylvsfjorden i nordaust. Enkelte eid går parallelt med retninga til halvøya i den ytre delen.
Fjellplatået stuper bratt i havet utan nokon skjergard utanfor, og farvatnet utanfor er difor svært vêrhardt. Det ytste forberget, Kjerringa (497 meter over havet), også kalla Vestkapp, stuper nesten loddrett i havet. Det er eineståande utsikt så vel til havs som innover mot fjella på Sunnmøre og i Nordfjord frå det relativt flate platået på toppen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.