Faktaboks

Gossa
Gossen

Gossa er ei øy i Aukra kommune i Møre og Romsdal, utanfor Romsdalshalvøya. Øya har eit areal på 46,5 kvadratkilometer, og har rundt 75 prosent av folketalet i kommunen. Øya er flat, myrlendt og godt dyrka. Høgaste punkt er Jærmannsburet (99 meter over havet) aust på øya. På Gossa er det planta ein del skog.

Gossa er jamt busett. Øyas einaste tettstad er Aukra søraust på øya. Elles er det tettast busetjing rundt Buktin og Nerbøvågen nord for tettstaden, ved Lauvvika nord på øya og ved Småge i vest. Det er eit godt utbygd vegnett med ferjesamband til fastlandet frå tettstaden til Hollingsholmen (fylkesveg 662/fylkesveg 216), og frå Stongneset i vest til øyane i tidlegare Sandøy kommune utanfor (Orta, Finnøya, Sandøya og Ona).

Første ledd av namnet er truleg av gørrande, gørr, 'dynn, gjørme'.

Kart

Gossa
Gossa
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg