Harøya er ei øy i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Det er den største øya i den tidlegare øykommunen Sandøy, og ligg ytst på Romsdalskysten.
Harøya ligg vest for Harøyfjorden og er den nordlegaste og største av Nordøyane; 13,6 km2 og 1099 innbyggjarar (2015). Lengst nord på øya ligg tettstaden Steinshamn. Fiske og industri er viktigaste næringar.
Øya er myrlendt og stort sett låg; berre den sørlegaste delen når over 25 moh. Høgast her er Harøyburet med 156 moh. Ein vindkraftpark med fem turbinar vart sett i drift av Sandøy Vindkraft AS i 1999 (samla maksimal effekt 3,75 MW).
Det er godt vegsamband rundt øya og bru over til Finnøya i nord. Det er bilferjesamband nord- og austover frå Finnøya til Sandøya, Orta og Ona, og dessutan til Småge på øya Gossen i Aukra kommune. Sørover går det ferje frå Myklebust på Harøya til øya Fjørtofta og til Brattvåg på fastlandet, og til øya Dryna i Molde kommune.
Namnet heng truleg saman med har, 'steingrunn' og horg, 'berghammar' og siktar til den sørlege, berglendte delen av øya.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.