Isterdalen i Rauma, med fjellet Kongen til venstre Trolltindan til høyre, sett fra fjellet Bispen (1462 moh.)
Isterdalen i Rauma, med fjellet Kongen til venstre Trolltindan til høyre, sett fra fjellet Bispen (1462 moh.). Av . CC BY SA 3.0

Rauma

Faktaboks

Landareal
1 390 km²
Innbyggertall
7 019 (2022)
Administrasjonssenter
Åndalsnes
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggernavn
raumaværing
Målform
nøytral
Kommunenummer
1539
Høyeste fjell
Puttegga (1999 moh.) på grensa til Norddal

Kommunevåpen

Rauma

Rauma. Utsikt mot Isterdalen frå Trollstigveien. I enden av dalen kan ein skimte Åndalsnes ved Romsdalsfjorden. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Raumaelva med fjell i bakgrunn, Åndalsnes
Raumaelva med fjell i bakgrunn, Åndalsnes
Lisens: CC BY SA 3.0

Rauma er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen omfatter Romsdalen frå fylkesgrensa mot Innlandet til Raumas munning i Romsdalsfjorden, områda omkring indre del av fjorden og dei korte utløpa Rødvenfjorden, Innfjorden og Isfjorden, samt fjelltraktene omkring.

Rauma kommune blei oppretta i 1964 ved sammenslåing av dei tidlegare kommunane Grytten, Voll, Eid og Hen, samt områda sør for Romsdalsfjorden/Langfjorden av Veøy. Dei to kommunane Grytten og Voll og Eid blei oppretta i 1837 då det lokale sjølvstyret blei innført. Voll og Eid blei i 1874 delt i høvesvis Voll og Eid kommunar, medan Hen kommune blei utskilt frå Grytten i 1902.

Rauma kommune grensar til Nesset i nordaust og aust, Lesja og Skjåk i Innlandet i sør og Norddal, Stordal og Vestnes i vest. Raumas nordgrense mot Molde går i Romsdalsfjorden/Langfjorden.

Natur

Romsdalshornet
Utsikt mot Romsdalshornet og Trollveggen.

Berggrunnen i Rauma består hovudsakleg av gneis som tilhøyrer den kaledonske fjellkjeda. Landskapet har ein sørvestleg-nordaustleg strøkretning.

På begge sider av Romsdalsfjorden og Romsdalen innanfor finnar ein høge fjell og spisse tindar med tronge sidedalar mellom. Høgast når fjella i sørvest der Pyttegga (Puttegga), det høgaste fjellet i fylket, når 1999 meter over havet på grensa til Norddal. Fjella i kommunens sentrale delar er likevel meir imponerande, mellom anna Romsdalsalpene med Venjetindan (Store Venjetinden 1852 moh.), Kalskråtinden (1798 moh.) og Romsdalshornet (1550 moh.) aust for Romsdalen og Trolltindane (Store Trolltind 1797 moh.), Isterdalstindene med Kongen (1614 moh.), Bispen og Dronninga vest for dalen. Over halvparten av arealet i Rauma ligg høgare enn 900 meter over havet.

Fjellet Mannen (1294 moh.) ligg i Rauma kommune og er ein del av Børå-platået. Mannen er eit av sju fjellparti som er kategorisert som høgrisikoobjekt og blir overvaka heile døgnet av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Veslemannen er ein del av Mannen og den mest ustabile delen av fjellpartiet.

Lausmassar som har gitt grunnlag for landbruk og busetjing, finst hovudsakleg i dei større dalføra og langs fjordsidene. Dette er morene og noko leire som vart avsett etter siste istid.

Busetnad

Det aller meste av busetjinga i Rauma ligg langs Romsdalsfjorden og sidefjordane, særleg rundt utløpet av Rauma der ein finnar administrasjonssenter og største tettstad, Åndalsnes (2283 innbyggjarar 2016) med strandstaden Veblungsnes på sørvestsida av utløpet. Inst i Isfjorden ligg tettstaden Isfjorden (1281 innbyggjarar). Kommunen har tre tettstader til, Voll (Måndalen) og Innfjorden på sørsida av Romsdalsfjorden med høvesvis 516 og 288 innbyggjarar og Brønnsletta (250 innbyggjarar) i Romsdal, fem kilometer overfor Åndalsnes. I alt budde 62 prosent av Raumas befolkning i tettstader i 2016 mot 71 prosent i fylket samla sett. Rauma kommunestyre vedtok i 1996 at Åndalsnes kan nytte nemninga by.

Folketalet i kommunen auka på 1950-talet og nådde sitt høgaste nivå (med dagens grenser) i 1955 med 8615 innbyggjarar. Deretter stagnerte veksten og viste i periodar nedgang fram til 2003 då folketalet nådde sitt lågaste nivå med 7312 innbyggjarar. Sidan har det vore i svak vekst, i tiårsperioden 2007–2017 med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg mot 0,7 prosent i Romsdal og 0,8 prosent i fylket samla sett.

Næringsliv

Det blir drive jordbruk med hovudvekt på storfe- og sauehald, særleg i nedre del av dalane og rundt Isfjorden og Rødvenfjorden. Sauehaldet i kommunen er størst i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har atskilleg produktiv skog, og skogavverknaden i 2017 var 23 190 kubikkmeter, for det aller meste gran. I alt er seks prosent av arbeidsplassane i Rauma i primærnæringane (2016).

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel/overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Rauma med 18 prosent av arbeidsplassane (2016). Dette speglar betydninga til turisttrafikken for kommunen.

Til samanlikning sysselsette industrien dette året 14 prosent av arbeidsplassane i Rauma, 26 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Viktigaste industribransjar er møbel-/annan industri og gummi-/plast- og mineralsk industri med høvesvis 35 og 30 prosent av dei sysselsette i industri (2015). Dernest følgjer verkstadsindustrien med 22 prosent. Tekstil- og kledningsindustri, som tradisjonelt har vore ein betydeleg industribransje i kommunen, utgjorde ni prosent av dei industritilsette (2015). Dette er likevel – etter Tingvoll og Eide – høgaste del i denne bransjen i fylket.

Rauma er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 842 gigawattimar (GWh) per 2016. Elva Rauma er bygd ut med tre kraftverk med i alt 152 MW i maskininstallasjon og 742 GWh i mellomliggjande årsproduksjon; største verk er Grytten (i drift frå 1975) med overføringar frå Eikesdalen (143,5 MW). I alt er det i kommunen utbygd 17 kraftverk med ein samla installasjon på 181,4 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 841 GWh (2015).

Av kommunens busette arbeidstakarar har 20 prosent arbeid utanfor kommunen (2016), der sju prosent arbeider i Molde, fem prosent i Sunndal og to prosent i både Vestnes og Ålesund.

Rett sør for Åndalsnes ligg militærleiren Setnesmoen, som er ekserserplass og standkvarter for Møre og Fjordane heimevernsdistrikt (HV-11).

Åndalsnes Avis kjem ut tre gonger kvar veke.

Samferdsel

Raumabanen går frå DombåsDovrebanen til Åndalsnes. Dette er fylkets einaste jernbane. På denne strekninga går E136 parallelt med jernbanen, og vegen held fram vidare til Ålesund. Omfattande rassikring er gjennomført i 1990-åra med bygging av mellom anna Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på E136.

Frå Åndalsnes går fylkesveg 64 på nordsida av fjorden til Molde med ferjesamband over Langfjorden (Åfarnes–Sølsnes). Fylkesveg 64 går vidare til Kristiansund. Frå Åfarnes går fylkesveg 660 langs sørsida av Langfjorden til Vistdal og over Vistdalsheia til Eidsvåg. Frå Sogge bru like aust for Åndalsnes går fylkesveg 63, den kjende Trollstigveien, opp Isterdalen over til Valldal på Sunnmøre.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Rauma høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Romsdal regionsråd saman med Aukra, Eide, Fræna, Midsund, Molde, Nesset og Vestnes.

Rauma kommune svarer til dei sju soknene Eid/Holm, Grytten, Hen, Kors, Voll, Vågstranda og Øverdalen i Indre Romsdal prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Rauma til Romsdal fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkretsar i Rauma

For statistiske formål er Rauma kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 35 grunnkrinsar:

  • Sørsida: Gridset, Innfjorden, Hovde, Voll, Sæbø, Våge, Hjelvik
  • Nordsida: Rødven, Frisvold, Korsbakken, Sandnes, Holm, Mittet
  • Isfjorden: Stranden, Tokle, Hen, Kavli, Grøvdal, Grøtta, Moa, Dale
  • Romsdalen: Veblungsnes, Øran aust, Neshagen, Mjelva, Nesstranda, Risen, Skoleområdet, Vollan, Øran vest, Sogge, Marstein, Verma, Sandgrovbotn, Ulvådalen

Historikk og kultur

Om sommaren har Rauma stor turisttrafikk, med attraksjonar som fjellklatring og laksefiske. For klatrarar er Romsdalen eit eineståande område med mellom anna eit av Europas høgaste overhengande stup, Trollveggen, på 1000 meter.

Rødven stavkyrkje, den einaste stavkyrkja i Romsdal, er frå rundt 1300 og ligg ved Rødvenfjorden nordvest i kommunen. Rødven har òg ei kyrkje frå 1907 som er i tre og med langplan. Kors kyrkje, ei trekyrkje med korsform frå 1797, ligg i Romsdalen mellom Verma og Åndalsnes. Grytten kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1829 og har midttårn med løkkuppel. Hen kyrkje i Isfjorden frå 1831 er ein murkirke bygd på ein plass der det sannsynlegvis har stått kyrkje sidan 1300-talet. På Klungnes på nordsida av Romsdalsfjorden har det vorte arrangert Sinclairspelet om sommaren til minne om Skottetoget i 1612. Det var på Klungnes skottehæren gjekk i land.

Kylling bru over Rauma ved Verma er ei imponerande steinkvelvbru. I Åndalsnes ligg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Romsdalsmartnan har lange historiske røter og har vorte halden årleg på Åndalsnes. Norsk Fjellfestival har vorte arrangert kvar sommar.

Lokalavisa er Nye Åndalsnes Avis, som kjem ut tre gonger i veka.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1983 og har tre opprette sølv spissar mot ein blå bakgrunn. Dette speglar det topografiske forholdet til kommunen.

Namnet er opphavleg eit elvenamn. Det er ikkje forklart, men det kan ha samanheng med straum og har i sin tur gitt landskapsnamnet Romsdal, norrønt Raumsdalr.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bygdaboka for Voll, 1979-, tre bind.
  • Myskja, Karl: Bygdebok for Eid, 1987.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg