Aasentunet

Aasentunet i Ørsta kommune er teikna av Sverre Fehn.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Aasentunet, i Ørsta er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Aasentunet er det eldste personmuseet i Noreg og det språkmuseet i verda med lengst historie. Museet inneheld arven etter Ivar Aasen.

Faktaboks

Også kjent som
Tidlegare namn: Ivar Aasen-tunet

Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.

Etablering

Aasentunet vart opna av statsråd Ellen Horn 22. juni 2000. Bygget er teikna av arkitekt Sverre Fehn og reist på Ivar Aasen (1813–1896) sin fødestad, garden Åsen i Hovdebygda i Ørsta. Bygget er oppført i kvit armert betong og fekk tildelt Betongtavla for framifrå byggjekunst i betong i 2000 og A.C. Houens Fonds diplom for framifrå arkitektur i 2008.

Innhald

Museet inneheld arven etter Ivar Aasen. Denne samlinga av bøker og gjenstandar utgjer hovudutstillinga i senteret og er utforma i samarbeid mellom arkitekten og utstillingsprodusenten. I tillegg har senteret utstillingar som fortel om utviklinga av nynorsken og utstillingar om språk og kultur verda rundt, tilpassa både barn og vaksne.

Senteret husar bibliotek og arkiv med skjønn- og faglitteratur på og om nynorsk, og fleire aviser og tidsskrift. Biblioteket er ope for publikum.

Historikk

Ivar Aasen-tunet har røter attende til 1898, då familien opna det første Ivar Aasen-museet i eit trehus som vart flytta til garden. I 1946 tok museet i bruk eit nybygg i stein, og drifta vart etter kvart overteken av Sunnmøre Museum. I 2000 vart museet ein del av det nye dokumentasjons- og opplevingssenteret.

Steinhuset frå 1946, som i nyare tid blitt brukt som galleri, husar i dag kontor. Uteamfiet har vore samlingsplass for ulike arrangement i over hundre år, og senteret står i dag bak eit breitt og variert kulturprogram året rundt og festivalen Festspela i juni kvart år.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg