Faktaboks

Innbyggjartal
6164 (SSB, 2023)
Landareal
3,9 km²
Tettstadsnummer
6051 Ulsteinsvik
Ulsteinvik
Ulsteinvik sett fra lufta.

Ulsteinvik er ein tettstad i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,9 km², og har 6164 innbyggjarar (2023).

Ulsteinvik er administrasjonssenter i Ulstein kommune, og ligg på vestsida av øya Hareidlandet, innanfor øya Dimna. Ulsteinvik har sidan 2000 hatt bystatus etter eige vedtak i kommunestyret.

Ulsteinvik er ein stor industristad med vekt på verkstadsindustri, særleg skipsbygging og verksemd knytt til oljeindustrien, mellom anna Ulstein Verft, avdeling Ulsteinvik, del av Ulstein Group og Green Yard Kleven (tidlegare Kleven Verft).

l utkanten av tettstaden ligg Sunnmøre folkehøgskule og Ulstein vidaregåande skule. Ved tettstaden ligg Oshaugen, ein av Vestlandets største gravrøysar frå bronsealder og jernalder.

Kart

Ulsteinvik
Ulsteinvik
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (6)

skreiv Bjarne Wærdahl

(Rolls-Royce, Ulsteinkonsernet og Kleven) Kværner gjekk inn for mange år sidan.Folketalet har passert 7.000 personar.

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Hei, Takk for rettelser til næringslivet. Vi skal rette opp. Folketallet for tettstedet er imidlertid korrekt (SSB 2008-tall).Vennlig hilsenKirsten Halvorsen/red.

skreiv Arne Sivertstøl

Hei!

Kleven Verft del av Kleven Maritime AS. Dette stemmer ikkje heilt, då det vart kjøpt opp av Green Yard gruppen og heiter no Green Yard Kleven.
https://www.kleven.no/om-kleven-artiklel/historia-bit-for-bit-bt-for-bt

svarte Ola Nordal

Tusen takk for innspillet. Artikkelen er oppdatert. Mvh Ola i SNL-redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg