Aure (tettstad i Sykkylven)

Artikkelstart

Aure er ein tettstad i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,4 km², og har 4369 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
4369 (SSB, 2020)
Landareal
3,4 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
6133 Sykkylven

Aure er administrasjonssenter i Sykkylven kommune og inngår som ein del av den større tettstaden Sykkylven.

Aure er ein industristad med møbel- og trevareindustri (Ekornes, den største møbelfabrikken i landet) og verkstadindustri, mellom anna elektroteknisk, metallvare- og maskinindustri.

Her ligg Sykkylven vidaregåande skule (Møre og Romsdal fylkeskommune).

Aure har vegsamband med Ålesund (Fv. 60) via ferge over Storfjorden (Aursnes–Magerholm).

Det er gjort fleire oldtidsfunn i Aure. Tettstaden har eit naturhistorisk museum.

Kart

Sykkylven
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg