Det urindoeuropeiske konsonantsystemet kan setjast opp slik, i IPA-transkripsjon:
labial |
koronal |
palatal |
velar |
labialisert velar |
p |
t |
kʲ |
k |
kʷ |
b |
d |
ɡʲ |
ɡ |
ɡʷ |
bʰ |
dʰ |
ɡʲʰ |
gʰ |
ɡʰʷ |
|
s |
ç |
x |
xʷ |
|
|
ʝ |
ɣ |
ɣʷ |
m |
n |
|
|
|
w |
l |
j |
|
|
|
r |
|
|
|
Når sonorantane m, n, w, l, j og r ikkje hadde ein vokal føre eller etter seg, blei dei uttalte syllabisk (stavingsberande). Dette kan illustrerast med *(d)kʲmtóm 'hundre' (stjerna * viser at det er ein historisk rekonstruksjon utan skriftleg belegg), der den første m-en blei uttalt syllabisk ([m̩]) og den andre asyllabisk ([m]).
Ein har rekonstruert tre rekkjer med plosivar, (i) ustemde (p t kʲ k kʷ), (ii) stemde uaspirerte (b d ɡʲ ɡ ɡʷ) og stemde aspirerte (bʰ dʰ ɡʲʰ ɡʰ ɡʰʷ).
Det er vanleg i indoeuropeisk språkvitskap å skrive y i staden for j. Vidare blir dei palatale plosivane som regel skrivne ḱ, ǵ, ǵʰ, det vil seie med ´ i staden for ʲ.
Dei seks frikativane ç, x, xʷ, ʝ, ɣ, ɣʷ blir i indoeuropeisk språkvitskap noko misvisande omtalte som «laryngalar», på grunn av eldre hypotesar om korleis dei blei uttalte. I faglitteraturen blir dei som regel skrivne med ein stor H med eit senka tal etter, utan skilje mellom dei ustemde og dei stemde:
- H1 = ç / ʝ
- H2 = x / ɣ
- H3 = xʷ / ɣʷ
Når kvaliteten til «laryngalen» er ukjend, utelèt ein talet, som i substantivet *pHtḗr 'far' (nominativ eintal).
Desse laryngalane fall bort i dei ikkje-anatoliske (= nord-indoeuropeiske) språka, men har etterlate seg ulike «fargingar» (endringar i kvaliteten) til vokalar dei stod ved sida av.
Urindoeuropeisk hadde eit enkelt vokalsystem, med fem korte og fem lange vokalar: i, e, a, o, u, iː, eː, aː, oː, uː. I indoeuropeisk språkvitskap er det vanleg praksis å markere vokallengd med ein strek oppå vokalteiknet: ī, ē, ā, ō, ū.
Urindoeuropeiske ord hadde normalt ei aksentuert staving, det vil seie ei staving med ein høgare tone enn dei andre stavingane. I transkripsjonen er denne høge tonen markert med ein akutt-aksent, som i *(d)kʲmtóm 'hundre' og *pHtḗr 'far' (nominativ eintal).
Kommentarer (2)
skrev Simen Olsen
svarte Pål Johansen
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.