Berberske språk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei berberske språka blir først og fremst snakka i fjell- og ørkenområda i det nordlege Afrika, det vil seie langs Middelhavskysten og i Sahara og Sahel. Vi finn berbersktalande i Mauritania, Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Mali, Niger og Burkina Faso.
Faktaboks
- Uttale
- bˈerberske språk
- Også kjend som
- berbiske språk, berberspråk, berbarspråk
Det er svært usikkert kor mange som snakkar berberske språk. Tala varierer frå 25 millionar (ethnologue.no) til 32 millionar (Camille Lacoste-Dujardin: Dictionnaire de la culture berbère en Kabylie). Det store fleirtalet av dei berbersktalande bur i Marokko (rundt 14 millionar) og Algerie (rundt 9 millionar).
Det finst store grupper av utvandra berbersktalande, særleg i Frankrike, med 1,5 millionar. I Israel bur det mellom 2000 og 3000 eldre talarar av jødeberbersk, utvandra frå Marokko. I 2022 fanst det i Noreg 13 018 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Marokko (11 082) og Algerie (1 936), ifølgje Statistisk sentralbyrå. Mange av desse snakkar berberske språk som tasjelhijt, tamazight, tarifijt (rifisk) og taqbajlit (kabylisk).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.