Den geografiske utbreiinga til dei tungusiske språka i Russland og Kina.

Tungusiske språk er ein språkfamilie som blir snakka i det nordlege Kina (Mandsjuria, Xinjiang) og i Russland i det austlege Sibir. Det dreiar seg om til dels veldig små språksamfunn som er sterkt truga eller i ferd med å døy ut. Til saman blir språka snakka av om lag 50 000 menneske. Under Qing-dynastiet (1644–1911) var det tungusiske språket mandsju offisielt språk i Kina.

Faktaboks

Uttale
tungˈusiske språk
Etymologi

tungusisk kjem truleg av jakutisk tongus, eit eksonym for evenkane. Tongus blei lånt inn i russisk som tungus (тунгус), og har derfrå blitt lånt inn i andre europeiske språk.

Mange tungusiske språk er truga, og på lang sikt er framtida til heile språkfamilien usikker. Lingvistar er ueinige om klassifiseringa av dei tungusiske språka. Nokre få reknar dei til ein hypotetisk altaisk språkfamilie i lag med tyrkiske og mongolske språk, men det vanlege er å rekne tungusiske språk som ein eigen språkfamilie utan genetisk slektskap til nokon andre språkfamiliar.

Det eldste kjende språket er dsjurtsjen, talt av eit dynasti i Nord-Kina på 1100- til 1200-tallet og kjent frå innskrifter og dokument. Det einaste tungusiske språket med nokon omfattande litteratur er mandsju.

Grupper

Evenkiar
Av .
Lisens: Brukerspesifisert

Dei nålevande tungusiske språka kan delast inn i to grupper, sørtungusisk og nordtungusisk.

Sørtungusisk

Sørtungusisk omfattar seks eller sju språk, avhengig av om mandsju og sibe blir rekna som eitt eller to språk:

  1. mandsju (Mandsjuria, Xinjiang), om lag 20 talarar
  2. sibe (eller xibo, i Xinjiang), 20 000–30 000 talarar
  3. nanaiisk (eller golde, i Russland ved Amur og i Kina), litt under 1300 talarar
  4. ultsjisk (i Russland ved Amur), om lag 150 talarar
  5. udegejsk (i Russland ved Amur), om lag 100 talarar
  6. orotsjisk (i Russland ved Amur), færre enn 10 talarar
  7. orokisk (Sakhalin), under 50 talarar

De sørtungusiske språka minner i struktur mykje om mongolsk og er i ordtilfang og syntaks sterkt påverka av mongolsk og kinesisk.

Mandsju, sibe, nanaiisk og udegejsk er skriftspråk.

Nordtungusisk

Nordtungusisk omfattar fem språk:

  1. negidalsk (i Russland ved Amur), kring 70 talarar
  2. evenkisk (eller tungusisk, i Russland, i Sakha og på Kamtsjatka), litt over 15 000 talarar
  3. orokensk (eller oroqen, i Heilongjiang-provinsen i Kina), kring 1200 talarar, men berre rundt 10 som snakkar det flytande
  4. evensk (eller lamutisk, i Russland ved Jenisej), mellom 5000 og 6000 talarar
  5. kili (eller kilen, kirin, kila, ved elvane Kur og Urmi i Khabarovsk-området), om lag 40 talarar

Kili har tradisjonelt blitt rekna som ein dialekt av det sørtungusiske språket nanaiisk.

Evenkisk og evensk er skriftspråk.

Dei nordtungusiske språka har eit komplisert lydsystem og mange kasus. Evenkisk og evensk har 13 kasus, negidalsk har 9 kasus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg