Konsonant er den eine av dei to hovudklassane av språklydar. Den andre er vokal. Eit skilje mellom dei to er at vokalen kan vere stavingsberande, men det er som regel ikkje konsonanten.
Faktaboks
- Uttale
- konsonˈant
- Etymologi
- av latin ‘medlydande, medklingande’
Konsonantane er mindre sonore (høyrbare) enn vokalane, og vi finn dei til vanleg i starten (opptakt) eller slutten (koda) av stavinga. Vokalane er dei mest sonore språklydane, derfor finn vi oftast vokalar i stavingskjernen.
Fonetisk er ein konsonant kjenneteikna av å ha ei eller anna innsnevring i passasjen for luftstraumen. Det kan vere ein trong passasje, slik at det oppstår ein friksjonslyd (til dømes f, s), eller det kan vere ei fullstendig stengsle for luftstraumen (til dømes p, t, k, b, d, g). Lufta kan gå ut på sida av tunga (til dømes l), og ho kan òg gå ut gjennom nasen (til dømes m, n).
Konsonantlydane kan vere anten stemde eller ustemde, og dei vert delte inn etter artikulasjonsstad og artikulasjonsmåte. For å eintydig skildre ein konsonantlyd må ein spesifisere
- om han er stemd eller ustemd,
- artikulasjonsstaden,
- artikulasjonsmåten.
Til dømes er p ein ustemd bilabial plosiv, og n er ein stemd alveolar nasal.
Symbola i hakeparentesar [ ] er lydskriftsymbol (IPA-lydskrift).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.