fulfulde

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-famiilien og blir snakka av over 16 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet.

Fulfulde. Omtrentleg utbreiing.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-famiilien og blir snakka av over 16 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet.

Faktaboks

Også kjent som

fula, fulani, pular, pulaar

Språkkoder
ff, ful (FF, FUL)
ISO-639:3
ful

I Nigeria er det 8 millionar som snakkar fulfulde, i Guinea 2,6 millionar, i Senegal 2,6 millionar, i Mali 1,2 millionar, i Kamerun 1 million og i Niger 1 million. Store grupper finst òg i Mauritania, Gambia, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Burkina Faso, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Sudan.

Fulfulde er eitt av fleire offisielle språk eller nasjonalspråk i Senegal, Guinea, Mali, Niger og Nigeria. Det er eit viktig handelsspråk (lingua franca) i mellom anna Guinea, Mali, Kamerun og Tsjad. I Kamerun er det truleg fleire andrespråks- enn førstespråkstalarar.

Språket heiter fulfulde (frå Mali og austover), pulaar (frå Mali og vestover) og pular (i Guinea). Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter pullo, med fleirtalsforma fulɓe. På andre språk er både språket og folket mellom anna kjende under namn som fulani og peul.

Språket blir òg talt av folk i Mauritania, Senegal, Gambia og Mali som kallar seg haalpulaar'en 'dei som taler pulaar'.

Språkfamilie

Fulfulde tilhøyrer språkfamilien niger-kongo, som har mange greiner. Éi av dei heiter atlantisk, som har tre undergrupper: sørleg, nordleg og bijago. Den nordlege undergruppa har igjen fem greiner, og fulfulde tilhøyrer den senegambiske greina i lag med serer og wolof.

Språkhistorie

For om lag 1000 år sidan blei fulfulde tala i Senegambia og Vest-Mali, men sidan den gongen har fulfuldetalande folk spreidd seg over heile Sahel. Dei har tradisjonelt levd som kvegnomadar, som stadig har vore på leiting etter nye beitemarker.

Islam er den dominerande religionen, og difor finst det fulfuldetalande dei fleste stader på vegen mot Mekka. For mange hundre år sidan tok dei til å skrive språket sitt med det arabiske alfabetet, men sidan slutten av 1800-talet har også det latinske alfabetet blitt teke i bruk, på grunn av europeisk kolonisering og misjon.

Fulfulde varierer ein god del geografisk, og ein må kanskje snakke om opp imot åtte ulike fulfulde-språk.

Språksystem

Fulfulde er truleg det språket i verda som har flest grammatiske kjønn – eller genus.

Norsk har tre genus – hankjønn (ein hest), hokjønn (ei ku) og inkjekjønn (eit dyr) – mens fulfulde har tjue. Når me på norsk må velje mellom pronomena han, ho og det, må ein på fulfulde velje mellom o, nde, ndi, ndu, nga, nge, ngo, ngu, ngal, ngel, ngol, ngum, ka, ki, ko, kal, kol, ɗam og ɗum. På fulfulde har ikkje naturleg kjønn (sexus) noko å seie for genus-systemet, og pronomenet o blir nytta om menneske av begge kjønn.

På fulfulde skjer bøying og avleiing med suffiks (etterfeste), men i tillegg endrar konsonanten fyrst i ordet seg. Orda debbo ‘kvinne’ og gorko ‘mann’ heiter høvesvis rewɓe og worɓe i fleirtal.

Uttale

Fulfulde har dei korte vokalane i e a o u og dei lange ii ee aa oo uu. I tillegg til velkjende konsonantar har fulfulde også ɓ ɗ, som blir uttala som b d, men med knirkestemme, som i ɓiɗɗo ‘unge, barn’.

Dei prenasale konsonantane mb nd nj ng [mb nd ndʒ ŋg] er einskildlydar i fulfulde, så sjølv om ord på fulfulde alltid byrjar med berre éin konsonant, kan dei likevel byrje med mb nd nj ng, som i mbeewa ‘geit’ og ngaari ‘ukse’. C j y blir uttala [tʃ dʒ j].

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg