Det internasjonale fonetiske alfabetet er det mest utbreidde lydskriftsystemet for transkripsjon av språklydar. Det er eit fonetisk alfabet som lingvistar og andre bruker for å representera språklydar på ein eintydig måte. Symbola som er brukte i IPA, er stort sett bokstavar frå det latinske og greske alfabetet, eller dei er tilpassingar av dei bokstavane.
Faktaboks
- Også kjend som
-
IPA-alfabetet, IPA-lydskrift, engelsk International Phonetic Alphabet (IPA), fransk Alphabet phonétique international (API), russisk Международный фонетический алфавит (МФА) (Mezjdunarodnyj fonetitsjeskij alfavit (MFA)), spansk Alfabeto Fonético Internacional (AFI), tysk Internationales Phonetisches Alphabet (IPA)
Det internasjonale fonetiske alfabetet vart innført i 1888 av det som nokre år seinare, i 1897, skulle bli Det internasjonale fonetikkforbundet (fransk Association Phonétique Internationale (API), engelsk International Phonetic Association (IPA)). Alfabetet vart utarbeidt av fonetikarane Alexander John Ellis, Daniel Jones, Paul Passy og Henry Sweet.
IPA-alfabetet har eigne symbol for konsonantar, vokalar, diakritiske teikn og prosodiske markeringar, og det skal dekkja alle lydar som er i bruk i minst eitt språk i verda.
Det offisielle IPA-alfabetet har vorte revidert og utvida fleire gonger, og den mest omfattande revisjonen skjedde i 1989 etter IPA-kongressen i Kiel. Det internasjonale fonetikkforbundet er ansvarleg for alle revisjonar og utvidingar og for å definera grunnprinsippa som alfabetet baserer seg på.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.