afrikaans

Artikkelstart

Afrikaans er eit språk som høyrer til dei germanske språka i den indoeuropeiske språkfamilien. Afrikaans er offisielt språk i Sør-Afrika ved sidan av engelsk og ni afrikanske språk.

Faktaboks

Etymologi

fra nederlandsk afrikaans, grunnbetydning 'afrikansk'

Uttale
afrikˈa:ns
Land

Sør-Afrika, Namibia

Førstespråksbrukere
7,2 millionar (2016)
Andrespråksbrukere
10,2 milionar i Sør-Afrika (2002)
Skriftsystem

latinsk alfabet

Språkkoder
af, afr (AF, AFR)
ISO-639:3
afr

Afrikaans utvikla seg frå det nederlandske språket til nederlendarane som koloniserte den sørlegaste delen av Afrika omkring 1650, sjå Sør-Afrikas historie.

Ubreiing

Afrikaans blir snakka av om lag 6,7 millionar menneske i det sørlege Afrika – nærmare 6,5 millionar i Sør-Afrika, 230 000 i Namibia, 6000 i Botswana og mindre grupper i Lesotho, Swaziland, Zambia og Malawi.

I Sør-Afrika har over 10 millionar menneske afrikaans som andrespråk. Afrikaans var tidlegare eit viktig lingua franca i Namibia, men blant dei yngre tek engelsk over.

Afrikaans er eit av dei elleve offisielle språka i Sør-Afrika, i tillegg til engelsk, sør-ndebele, nord-sotho, sør-sotho, swazi, tsonga, tswana, venda, xhosa og zulu. Før Namibia blei sjølvstendig i 1990, var afrikaans og tysk offisielle språk i landet. No har engelsk denne statusen, medan afrikaans, tysk og oshiwambo har status som regionalspråk.

Språksystem

Afrikaans har gjennomgått ein del forenklingar samanlikna med nederlandsk, truleg fordi språket er blitt teke i bruk av store folkegrupper som tidlegare snakka andre språk.

Afrikaans har eit mykje enklare verbsystem enn nederlandsk, og dei viktigaste formene av til dømes verbet om te praat (infinitiv) 'å prate' er praat! (imperativ) 'prat!', praat (notid) 'pratar', het gepraat (fortid) 'prata', 'har prata' og sal praat (framtid) 'skal prate'.

Verbet har – ulikt nederlandsk – ikkje person- og talbøying. Afrikaans har ikkje grammatisk kjønn, og den bundne artikkelen er alltid die: die vrou 'kvinna', 'frua', die man 'mannen' og die kind 'ungen', 'barnet'.

Lydsystemet er stort sett som i nederlandsk, men afrikaans har ikkje den stemde s-en (i nederlandsk skriven z), bortsett frå i nokon framandord. På same måte er ustemt ch [x] og stemd frikativ g [ɣ] falle saman i ein ustemt frikativ [x], skriven g. Fonemet v (i nederlandsk ein stemd frikativ [v]) har likeins vorte ustemt. Uvanleg er òg den nydanna doble nektinga: hy het nie gekom nie 'han kom ikkje'.

Historie

Afrikaans har røter i språket til boarane, nederlandsktalande protestantiske bønder som slo seg ned i Kapp-kolonien etter 1652. Boarane hadde slavar og arbeidarar som opphavleg snakka malayisk, gassisk eller ulike khoisanspråk, men som gjekk over til boar-språket. Det nederlandske språket vart utsett for påverknad frå andre ikkje-europeiske språk. Denne kreoliseringa kjem kanskje særleg til syne i det sterkt forenkla formsystemet.

Då britane overtok Kapp-kolonien kring 1800, trekte boarane i 1830- og 1840-åra innover i landet og skipa Oranjefristaten, Transvaal og Natalia, der nederlandsk var offisielt språk. På 1800-talet byrja forfattarar å ta afrikaans i bruk som skriftspråk. I 1914 vart det innført i skulen. Afrikaans har ein omfattande litteratur, mellom anna gjennom forfattarar som André Brink og Breyten Breytenbach.

Afrikaans utvikla særdrag som skilde det frå nederlandsk. Eit afrikaans standardisert skriftspråk blei utvikla i 1875. Då Unionen Sør-Afrika (frå 1961 Republikken Sør-Afrika) blei skipa i 1910, var engelsk og nederlandsk offisielle språk. I 1925 blei afrikaans offisielt språk i staden for nederlandsk. I 1996 fekk landet 11 offisielle språk – ni bantuspråk i tillegg til engelsk og afrikaans – og ni ikkje-offisielle nasjonalspråk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg