urdu

Urdu skrives fra høyre mot venstre med det arabiske alfabet utvidet med tilleggstegn. Noen av disse tilleggstegnene ble innført for nypersisk (farsi), men de fleste ble laget for språklyder som er spesielle for urdu. I høyre kolonne er vist den transkripsjonen av skrifttegnene som blir brukt i leksikonet.

Av /Store norske leksikon ※.

Artikkelstart

Urdu er eit språk som høyrer til den indoariske språkgruppa i den indoeuropeiske språkfamilien. Urdu blir anten rekna som same språk som hindi, eller som eit språk som står svært nære hindi. Urdu er nasjonalspråk i Pakistan og dessutan felles skrift- og kulturspråk for muslimane i India og Pakistan.

Faktaboks

Etymologi
Urdu er en forkortelse av zabân-e urdu-e mu’allâ, ‘språket i den keiserlige leiren (dvs. ved Stormogulens hoff)’, og stammer fra det tyrkiske ordet ordu, ‘leir, hær’, hvorfra også kommer norsk horde.
Uttale
ˈurdu
Språkkoder
ur, urd (UR, URD)
ISO-639:3
urd

Hovudskilnaden mellom urdu og standardhindi er at urdu blir skriven med arabisk skrift utvida med ei rekkje teikn for å karakterisere spesielle indiske lydar, medan hindi blir skriven med devanagariskrift. Litteraturspråket urdu har mange persiske og arabiske lånord. Det er svært liten skilnad mellom talt hindi og urdu.

Urdu er førstespråket til kring 66 millionar menneske – over 51 millionar menneske i India, over 11 millionar i Pakistan, 750 000 i Storbritannia, 650 000 i Bangladesh, 600 000 i Dei sameinte arabiske emirata og truleg nærmare 2 millionar andre stader i verda, mellom anna nærmare 28 000 i Noreg. I tillegg kjem over 40 millionar som har urdu som andrespråk.

Urdū اردو er namnet på språket på urdu. I motsetnad til svært mange andre språknamn er det ikkje samstundes namnet på ei etnisk gruppe. Ein person som har urdu som førstespråk, er helst pākistānī ﭘﺎﻛﺴﺘﺎﻧﻰ 'pakistanar' eller hindūstānī ﻫﻨﺪﻭﺳﺘﺎﻧﻰ / bhāratī ﺑﻬﺍﺭﺗﻰ 'indar', og kjem frå pākistān ﭘﺎﻛﺴﺗﺎﻥ eller hindūstān ﻫﻨﺪﻭﺳﺘﺎﻥ / bhārat ﺑﻬﺎﺭﺕ 'India'.

Bruk av urdu

Urdu er nasjonalspråk i Pakistan, men både urdu og engelsk har status som offisielle språk. Urdu er offisielt språk i dei indiske delstatane Andhra Pradesh, Bihar, Delhi, Jammu og Kashmir og Uttar Pradesh.

Dei aller fleste av dei pakistanske innvandrarane i Noreg har panjabi som morsmål, men oppfattar likevel oftast urdu som førstespråket sitt, og i moskeane lærer barna ofte urdu (i tillegg til å lese Koranen). Ein stor urdutalande minoritet i Sør-India finst i Hyderabad, som også er årestaden til urdulitteraturen og kanskje den staden der urdukulturen har overlevd best.

Språkfamilie

Urdu er eit indoarisk språk og står svært nær hindi.

Dei indoariske språka utgjer saman med dei iranske språka den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Dialekten i Delhi og den vestlege delen av Uttar Pradesh heiter khaṛī bolī ﺑﻮﻟﻰ ﻱﮍﻛﻬ, men blei kalla hindūstānī ﻫﻨﺪﻭﺳﺘﺎﻧﻰ av dei muslimske herskarane i Mogulriket, som omfatta det meste av India frå tidleg på 1500-talet til midt på 1800-talet. Det mogulske aristokratiet snakka opphavleg persisk, men gjekk på 1600-talet over til khaṛī bolī, med mange persiske og arabiske lånord. Dei skreiv språket med det arabiske alfabetet. Språket fekk etter kvart det persiske namnet zæban-e-ordu / zabān-ĕ-urdū ﺍﺭﺩﻭ ﺯﺑﺎﻥ 'leirspråket', det vil seie språket i militærleiren.

Då staten Pakistan blei oppretta 14. august 1947, blei urdu nasjonalspråket. Også i fleire indiske delstatar er urdu offisielt språk.

Språksystem

Daglegdags urdu og hindi talespråk er ikkje lette å skilje frå kvarandre, og dialogane i Bollywood -filmane er på eit språk som folk i India oppfattar som hindi og folk i Pakistan som urdu. Språkforma er vald medvite av filmskaparane, for å nå eit størst mogleg publikum. Setninga nedanfor illustrerer mykje av den grammatiske strukturen i urdu. Legg merke til at setninga ser heilt lik ut på hindi, bortsett frå skrifta.
  • ﮟﻫﻴ ﮯﺳﻜﺘ ﺟﻮﺕ ﺯﻣﻴﻦ ﮯﺳ ﺁﺳﺎﻧﻰ ﻛﺴﺎﻥ ﮟﻣﻴ ﮞﺩﻧﻮ ﮯﮐ ﺳﺎﺕﺑﺮ
  • barsāt ke dinoṁ meṁ kisān āsānī se zamīn jot sakte haiṁ
  • 'I regntida kan bøndene lett pløye åkeren.'

Setninga tek til med tidsadverbialet barsāt ke dinoṁ meṁ 'i dagane åt regnet'. Så kjem subjektet kisān 'bønder', objektet āsānī se zamīn 'jordbruksland' og til slutt tre verb, jot sakte haiṁ 'kan pløye'.

Vi kallar urdu eit SOV-språk, fordi subjektet (S) kjem før objektet (O), med verbet (V) til slutt.

Urdu-litteratur

Urdu-skriftspråket byggjer som hindi på dialekten i Delhi, hovudstaden i Mogulriket, men urdu-litteraturen oppstod i utkanten av riket i Sør-India på 1300-talet. Frå perioden 1350 til ca. 1600 finst det ei rekkje religiøse verk på vers. Prosaen vart òg tidleg dyrka. Verdslege motiv vart behandla dikterisk av Muhammad Quli Qutb Shah, konge av Golkonda 1580–1611. Litteraturen på «sørleg urdu», dakani (av Dakan, 'Syden, Deccan'), er formelt sett enklare, men meir indisk i val av emne enn seinare dikting, som er nært knytt til persiske tradisjonar.

Den viktigaste litterære sjangeren i urdulitteraturen er ghazal, odar om vin og kjærleik som ofte kan tolkast allegorisk som uttrykk for lengselen til sjela etter Gud (sjå sufisme). Liknande dikt, men ofte noko lengre, er qasida, forteljande dikt som gjerne blir avslutta med panegyrikk. Populær blant sjia-muslimar er òg marsiya, sørgeodar, ofte over martyrane Hasan og Husain, men ikkje sjeldan over avdøde venner og slektningar. Meir omfattande emne vart behandla i mathnawi. Innhaldet kan vere romantisk, religiøst eller vitskapleg.

Dakani-diktaren Vali (1667–1741) var svært viktig for urdulitteraturen. Han slo seg ned i Delhi, viste den urdutalande byen at det gjekk an å bruke språket til litteratur og gav støyten til ei litterær blomstring som omfatta ei rekkje viktige diktarar: satirikaren Mirza Muhammad Sauda (1713–1780), ghazal-songarane Mir Taqi Mir (1724–1810) og Mir Dard (1719–1785), elegikaren Mir Babar Anis (1802–1874), medan Nazir Akbarabadi (1740–1830) i sine dikt gav levande bilete av folkelivet.

Den siste av stormogulane, Bahadur Shah Zafar (1775–1862), var sjølv ein betydeleg diktar. Den største og mest universelle av alle urdudiktarane, Mirza Asadullah Ghalib (1797–1869), som dikta på både persisk og urdu, sørgjer i sine ghazalar over Mogulrikets tapte stordom, men gjer samtidig opprør mot banda frå religionen og tradisjonane. Den siste store klassikaren var Navvab Mirza Dagh (1831–1905). Altaf Husain Hali (1837–1914) tilpassa i sitt lange dikt om Islams stordom og forfall dei klassiske formene til nye emne. Diktaren og filosofen Muhammad Iqbal (1877–1938) førte denne utviklinga vidare.

Dei moderne diktarane i India og Pakistan nyttar i ei viss grad dei gamle formene, men mange skriv frie vers etter europeiske førebilete. Akbar Allahabadi (1846–1921) åtvara mot ei slik utvikling, og lyrikaren Faiz Ahmad Faiz (1912–84) viste at den klassiske ghazal lèt seg bruke til ei høgst original dikterisk behandling av sosialistiske idear.

Dei poetiske tradisjonane var svært sterke på urdu, og det tok lang tid før prosaen vart fullt utvikla. Britane hadde fått laga prosaverk til skulebruk, og det fanst frå før romantiske og fantastiske folkebøker (dâstân). Men først i 1899 kom ein roman av varig verdi av Muhammad Hadi Rusva (1858–1931), der ei kurtisane frå det gamle Lucknow beretter om sitt liv.

Realismen fekk innpass med Premchand (1880–1938), som seinare gjekk over til å skrive hindi. Tradisjonelt viktige prosaforfattarar er Khvaja Ahmad Abbas (1914–1987), Aziz Ahmad (1913–1978), Rajindar Singh Bedi (1915–1984), Krishan Chandar (1912–1977) og Shaukat Siddiqi (1923-2006). Sa'adat Hasan Manto (1912–1955) er kjent for den uredde behandlinga si av tema frå byanes underverda. Også kvinnene er godt representerte i urdulitteraturen med namn som Ismat Chughtai (1915–1991) og Qurratu'l-Ain Haidar (1927-2007). Ein svært fin urdu-stilist var teologen Abul Ala Mawdudi (1903–1979), viss verkar i arabisk omsetjing har hatt enorm innverknad på dei muslimske reformrørslene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg