romanés

Romanés, i Norden namn på valakisk romani, språket som blir snakka av folkegruppa rom (sigøynarar), til skilnad frå norsk og svensk romani, som er språket til romanifolket (dei reisande, taterane). Dette sistnemnde språket blir til vanleg berre kalla romani i Noreg og Sverige.

Faktaboks

Uttale
romanˈés

Romanés høyrer til romani-språka, ei gruppe innanfor den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og er i slekt med hindi og panjabi. Det er vanleg å dele romani-språka inn i fire hovudgrupper: Valakisk (vlax), balkansk, sentral og nordleg romani. Romanés som skriftspråk blei utvikla på 1800-talet. Fram til då var det i hovudsak eit munnleg språk.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg