latvisk

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Latvisk er eit språk som høyrer til den baltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Latvisk er førstespråket til kring 1,4 millionar menneske i Latvia og litt over 100 000 andre stader i verda.

Faktaboks

Også kjent som

lettisk

Uttale
lˈatvisk
Språkkoder
lvs (LVS)
ISO-639:3
lvs

Latvisk er offisielt språk i Latvia.

Endonymet for landet Latvia er Latvija eller Latvijas Republika 'Latvias republikk', medan språket heiter latviešu (valoda) 'latvisk (språk)', og latvietis tyder 'latviar'. Hovudstaden heiter Rīga.

Språkfamilie

Latvisk høyrer, saman med litauisk og det utdøydde språket gamalprøyssisk, til den baltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Samanlikna med det meir gammalmodig (arkaiske) litauisk har latvisk gått gjennom ei rekkje sekundære endringar, til dømes fiksering av trykket på første staving; bortfall, høvesvis forkorting, av vokal i utlydande staving; forskyving av k og g til høvesvis c ([ts]) og dz framfor fremre vokal eller j; bortfall (med erstatningsforlenging) av -n- mellom vokal og konsonant. Eit illustrerande døme er latvisk piecas 'fem' som på litauisk er penkios.

Språkhistorie

Den eldste overlevande trykte teksten på latvisk er eit fadervår frå 1550, og den eldste overlevande trykte boka er ei katolsk katekisme frå 1585.

Fram til 1800-talet var det latviske språket sterkt påverka av tysk, fordi den lokale overklassen var baltiske tyskarar. Grunnlaget for det moderne latviske standardspråket blei lagt i perioden frå 1850- til 1880-åra av den kulturelle og litterære rørsla Jaunlatvieši 'Unglatviarane'.

Den moderne latviske rettskrivinga, som etter kvart erstatta den eldre rettskrivinga, blei utvikla i 1908 av dei latviske språkforskarane Kārlis Mīlenbahs og Jānis Endzelīns.

Språksystem

Her er to latviske setningar som fortel litt om strukturen i språket:

Subjekt
Verb
Objekt
Es
lasu
jaunu
grāmatu.
'eg'
'les'
'god'
'bok'

'Eg les ei god bok.'

Subjekt
Verb
Indirekte objekt
Direkte objekt
Viņa
dod
bērniem
maizi.
'ho'
'gir'
'born'
'brød'

'Ho gir borna brød.'

Latvisk er eit SVO-språk: Først kjem subjektet, så verbet og til slutt objektet eller objekta og andre ledd. Verbet blir mellom anna bøygd i person og tal, og lasu er 1. person eintal presens av lasīt 'lese'. Pronomen, adjektiv og substantiv blir bøygde i tal og kasus. Til dømes er jaunu grāmatu akkusativ av jauna grāmata 'god bok', og bērniem er dativ fleirtal av bērns 'born'.

Standardspråket byggjer på den sentrallatviske dialekten. Denne liknar den såkalla tamiske dialekten i (nord)vest. Saman blir dei ofte omtalt som nederlatviske dialektar i motsetning til høglatvisk (latgallisk) i aust. Høglatvisk blir mellom anna kjenneteikna ved overgangen ā til ō (i framheva stavingar) som i litauisk (til dømes mōte 'mor' versus māte 'elles'), og ved diftongering av lang i og u (til dømes dzeive 'liv' versus sentrallatvisk dzīve). Dei tamiske dialektane er i endå sterkare grad enn dei andre påverka av finsk-ugrisk naboskap, særleg av det no nesten utdøydde livisk. Til liks med dei nordiske språka har latvisk teke opp mange nedertyske lånord.

Lånord

Latvisk har mange personnamn av nordisk opphav, til dømes Sigurds, Olavs, Haralds, Ivars, Ingrīda, Einārs, Ērika, Ēriks, Astrids, Ingvars, Inguna, Vidars, Ingars, Svens, Dāgs, Knuts, Gudruna, Helga, Arvīds, Egils.

Mannsnamna endar alle på -s og dei fleste kvinnenamna på -a, og dette er nominativsuffiks i hankjønn og hokjønn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg