Kartet viser den omtrentlege utbreiinga til dei uralske språka.

Uralske språk er ein språkfamilie som omfattar om lag 30 språk. Dei uralske språka blir tradisjonelt delte i to hovudgrupper: finsk-ugriske og samojediske språk. Dei to gruppene har utvikla seg frå eit felles grunnspråk, ur-uralsk (proto-uralsk), som truleg blei snakka av eit jeger- og fiskarfolk nær sørenden av Uralfjella for 7000–10 000 år sidan. Uralske språk blir talte av om lag 25 millionar menneske spreidde over eit stort område i Europa og det nordvestlege Asia, frå atlanterhavskysten i Skandinavia til det vestlege Sibir i Russland.

Faktaboks

Uttale
urˈalske språk

Finsk-ugriske språk

Dei finsk-ugriske språka blir tradisjonelt delte i to hovudgrupper: finsk-permiske og ugriske språk. Dei fleste forskarar er samde i denne todelinga, som likevel har blitt kritisert.

Finsk-permiske språk

Dei finsk-permiske språka, som blir snakka i Nord-Europa mellom Atlanterhavet og Uralfjella, omfattar:

  1. samiske språk, med sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk.
  2. austersjøfinske språk, med finsk, ludisk, kvensk, meänkieli (tornedalsfinsk), estisk, karelsk, vepsisk, votisk, ingrisk og livisk
  3. mordvinske språk, med erzia og moksja
  4. marisk (tsjeremissisk)
  5. permiske språk, med udmurtisk (votjakisk) og komi (syrjensk)

Mange forskarar reknar med at dei samiske språka og dei austersjøfinske språka utgjør ei høgare samisk-finsk eining, men det har vore vanskeleg å finne eit historisk grunnlag for dette.

Ugriske språk

Dei ugriske språka omfattar:

  1. ungarsk
  2. ob-ugriske språk, med mansisk (vogulsk) og hantisk (khanty, ostjakisk)

Dei ob-ugriske språka blir snakka i Det Khanty-Mansiske autonome området i det vestlege Sibir.

Samojediske språk

De samojediske språka, som blir snakka i det nordlege Russland frå Barentshavet til Tajmyr-halvøya, omfattar desse fire levande språka:

  1. nganasansk
  2. enetsisk
  3. nenetsisk
  4. selkupisk

I tillegg kjenner ein til tre utdøydde samojediske språk: juratsisk, kamasisk og matorisk.

Historia til klassifikasjonen

Systematiske komparative studiar av finsk-ugrisk begynte med dei ungarske språkforskarane János Sajnovics (med verket Demonstratio idioma Hungarorum et Lapponum idem esse fra 1770) og Sámuel Gyarmathi (med verket Affinitas linguae Hungaricae cum linguis Finnicae originis grammatice demonstrata fra 1790).

Sajnovics påviste slektskapen mellom ungarsk og samisk, og Gyarmathi utvida studiane til heile den finsk-ugriske gruppa. Den finske språkforskaren Matthias Alexander Castrén (1813–1852) klassifiserte dei samojediske språka, påviste slektskapen med finsk-ugrisk og etablerte den uralske språkfamilien.

Blant seinare forskarar som har gitt omfattande bidrag til uralsk komparativ språkforsking, kan nemnast svensken Björn Collinder (1894–1983). Matthias Alexander Castrén og blant anna ungararen Ignácz Halász (1855–1901) la grunnlaget for rekonstruksjonen av det ur-uralske (proto-uralske) ordtilfanget.

Forholdet til andre språkfamilier

Nokre forskarar har forsøkt å påvise ein slektskap mellom uralske språk og den hypotetiske altaiske språkfamilien for å samle dei i ein ural-altaiske språkfamilie, men ingen har funne anna enn visse felles strukturelle drag mellom dei to gruppene.

Av stor språkhistorisk interesse er mellom anna svært gamle iranske låna i finsk-ugrisk og gamle baltiske og germanske, særleg urnordiske, lånord i austersjøfinsk og samisk.

Strukturell likskap mellom uralske språk

Forskjellane mellom dei moderne uralske språka er store. Finsk og ungarsk er innbyrdes like uforståelege som til dømes norsk og russisk.

Dei uralske språka varierer sterkt i struktur, men dei fleste er agglutinerende og har eit relativt stort kasus-system, i nokre tilfelle med så mykje som tjue kasus. Mange av språka – frå samisk i vest til samojedisk i aust – uttrykkjer nekting ved hjelp av eit hjelpeverb som blir bøygt i person og numerus (tal), og til dels i tempus. Vokalharmoni er vanleg i flere av greinene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg