Faktaboks

mongolsk
Språkkodar
mn, mon (MN, MON)
ISO-639:3
mon

Mongolsk er eit språk som høyrer til den mongolske språkgruppa, nasjonalspråket i Mongolia. Mongolsk er førstespråket til 5,7 millionar menneske: 2,3 millionar i Mongolia, 2000–3000 i Russland og 3,4 millionar i Kina, dei fleste i Den autonome regionen Indre Mongolia. Mongolsk blir i hovudsak skrive med det kyrilliske alfabetet, dels med det klassiske mongolske alfabetet som har fått ein renessanse etter 1990.

Mongolsk er offisielt språk i Mongolia og i den kinesiske provinsen Indre Mongolia (i tillegg til mandarin).

Endonymet for språket – det vil seie ordet for språket på språket sjølv – er mongol hel монгол хэл, og mongol монгол tyder 'mongol'. Landet Mongolia heiter Mongol Монгол eller Mongol Uls Монгол Улс, med hovudstaden Ulaan Baatar Улаан Баатар. Indre Mongolia heiter Övör Mongol Өвөр Монгол.

Språkfamilie

Mongolsk omfattar halh-mongolsk og perifer mongolsk, to innbyrdes forståelege dialektar som er skriftspråk i høvesvis Mongolia og Indre Mongolia. Vi nyttar halh-mongolske språkdøme.

Mongolsk høyrer til den mongolske språkfamilien. Det er uklart om språka i familien kan delast i undergrupper. Burjat-mongolsk (snakka av 370 000 menneske i Russland, ved grensa mot Mongolia) og sentralmongolsk blir samla i ei halh-burjat-gruppe.

Språkhistorie

Mongolsk blei skriftspråk under Djengis Khan, etter tradisjonen i 1204. Dei tok i bruk uighurskrifta, i ei utgåve kjend som mongolsk skrift (mongol bičig монгол бичиг), laga av den uighuriske skrivaren Tatar-Tonga, som Djengis Khan hadde teke til fange. Uighur-skrifta hadde utvikla seg frå det syriske alfabetet.

Mongolsk språkhistorie blir delt inn i

  • gamalmongolsk (1100–1200-talet)
  • mellommongolsk (1300–1500-talet)
  • klassisk mongolsk (1600–1800-talet)
  • moderne mongolsk (frå 1900-talet)

I Indre Mongolia skriv dei framleis mongolsk med mongolsk skrift. Sidan 1937 er burjat-mongolsk blitt skrive med det kyrilliske alfabetet, med to ekstra bokstavar, ү og ө, og sidan 1946 også halh-mongolsk i Mongolia.

Språksystem

Mongolsk er eit SOV-språk – subjektet kjem først i setninga, verbet til slutt og objektet og andre ledd imellom:

  • S O1 O2 V
  • Bi nohojd mah ögöv.
  • Би нохойд мах өгөв.
  • 'eg' 'hund' 'kjøt' 'gav'
  • 'Eg gav hunden kjøt.'

Mongolsk har åtte kasus: nominativ, genitiv, dativ, akkusativ, ablativ, instrumental, komitativ og allativ. Nohojd er dativ av nohoj 'hund'. Akkusativ blir berre nytta om bunde objekt, difor har ikkje mah 'kjøt' akkusativsuffiks.

Lånord

Djengis Khan (cirka 1167–1227), klassisk mongolsk Čiŋgis Qaɢan, moderne Čingis Haan Чингис Хаан, grunnla det mongolske keisarriket, det største samanhengande riket i historia. Han heitte Temüüžin Тэмүүжин 'smed', men fekk tittelen Čingis Haan 'havherskar' då han blei keisar i 1206 – og gjorde tittelen haan verdskjend. På norsk kjenner vi khan som fyrstetittel hos tyrkiske og mongolske folk. Tittelen er av mongolsk opphav. Det første folket som nytta denne tittelen, var dei som kinesarane kallar róurán 柔然, ei samanslutning av mongolske stammer frå 300- til 500-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alan J.K. Sanders og Alan J.K. Sanders: Colloquial Mongolian. Routledge, Oxford 1999
  • Kaare Grønbech og John R. Krueger: An Introduction to Classical (Literary) Mongolian. Otto Harrassowitz, Wiesbaden 1955

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg