Den mallorkanske forfattaren, filosofen, poeten og teologen Ramón Llull (1233–1316) var den første store forfattaren som skreiv katalansk, og han blir kalla «den katalanske Dante». I mellomalderen var katalansk eit viktig skriftspråk i Europa, mykje takka vere Llull, som sørgde for at katalansk ikkje berre vart eit litteraturspråk, men også eit språk for filosofiske og vitskaplege tekstar.
Katalansk språkhistorie blir delt i tre periodar:
- mellomalderen, fram til 1400-talet, då katalansk tok over dei funksjonane som latinen før hadde hatt
- tidsrommet frå 1400-talet til slutten av 1800-talet, som blir kalla la Decadència [lǝ ðǝkǝˈðɛnsiǝ] 'nedgangen', då spansk (kastiljansk) fortrengde katalansk på mange bruksområde
- tidsrommet frå slutten av 1800-talet, som blir kalla la Renaixença [lǝ rǝnǝˈʃɛnsǝ] 'atterfødinga' og fram til i dag, då skriftspråket blei normalisert og språket atter fekk status som offisielt språk
I perioden frå 1400-talet til byrjinga av 1800-talet var kastiljansk den dominerande språkforma i Spania, og bruken av katalansk vart motarbeidd og var i periodar forbodne i offisielle samanhengar.
Interessa for katalansk fekk ein renessanse under romantikken på 1800-talet (la Renaixença). I perioden fram mot den spanske borgarkrigen vart det gitt ut ordbøker, grammatikkar, romanar og skodespel på katalansk, og bruken av språket vart stadig meir utbreidde i ulike samanhengar i samfunnet. Eit banebrytande arbeid vart utført av lingvisten Pompeu Fabra (1868–1948), som bidrog til å normere det katalanske skriftspråket på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet.
I 1931 fekk Katalonia status som autonom region, men etter Francisco Francos siger i borgarkrigen vart bruken av katalansk endå ein gong motarbeidd og tidvis forbode i offisielle samanhengar. I heile Franco-perioden frå 1939 til 1975 hadde det katalanske skriftspråket dårlege kår, og det var først etter Francos død at språket igjen fekk offisiell status i Catalonia.
I dag er eit fleirtal av innbyggjarane i Catalonia tospråklege i og med at dei snakkar og forstår både katalansk og kastiljansk. Det blir gitt ut aviser og vekeblad på katalansk, og det finst radio- og TV-kanalar der det berre blir brukt katalansk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.