hokjønn

Hokjønn, eller femininum, er eit genus (grammatisk kjønn). Genus er ein eigenskap ved substantiva i ein del språk, mellom anna norsk, og det viser seg ved at ein del andre ord – til dømes adjektiv, pronomen, determinativ, partisipp og i nokre språk også verb – må ha eit uttrykk for det – dei må kongruere (samsvarsbøyast) i genus med substantiva. Her er nokre norske døme:

Faktaboks

etymologi:
latin genus femininum
også kjent som:

femininum, forkorta fem. eller f.

  1. ei lita bygd
  2. vogna er mi

Uttrykka for hokjønn i døme 1 er den ubundne (ubestemte) artikkelen ei (i motsetnad til ein eller eit) og adjektivforma lita (i motsetnad til liten eller lite). I døme 2 ser vi possessivet mi (i motsetnad til min eller mitt).

I nokre språk synest genuset også på bøyinga av substantiva, som når norske substantiv i hokjønn har endinga -a i bunden eintal, men dette er ikkje ein allmenn eller obligatorisk eigenskap ved genus.

Dei fleste norske dialektar har dei to genusa hankjønn (maskulinum) og inkjekjønn (nøytrum) i tillegg til hokjønn, men nokre dialektar skil ikkje mellom hankjønn og hokjønn, og har berre felleskjønn (genus commune) ved sida av inkjekjønn.

Hokjønn finst ved sida av hankjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab (nama, hottentottisk), eit språk i det sørlege Afrika, og ved sida av berre hankjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somalisk, koptisk, tamazight og hausa).

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg