hankjønn

Hankjønn, eller maskulinum, er eit genus (grammatisk kjønn). Genus er ein eigenskap ved substantiva i ein del språk, mellom anna norsk, og det viser seg ved at ein del andre ord – til dømes adjektiv, pronomen, determinativ, partisipp og i nokre språk også verb – må ha eit uttrykk for det – dei må kongruere (samsvarsbøyast) i genus med substantiva. Her er nokre norske døme:

Faktaboks

etymologi:
latin genus masculinum
også kjent som:

maskulinum, forkorta mask. eller m.

  1. ein liten by
  2. bilen er min

Uttrykka for hankjønn i døme 1 er den ubundne (ubestemte) artikkelen ein (i motsetnad til ei eller eit) og adjektivforma liten (i motsetnad til lita eller lite). I døme 2 ser vi possessivet min (i motsetnad til mi eller mitt).

I nokre språk synest genuset også på bøyinga av substantiva, som når norske substantiv i hankjønn har endinga -en i bunden eintal, men dette er ikkje ein allmenn eller obligatorisk eigenskap ved genus.

Dei fleste norske dialektar har dei to genusa hokjønn (femininum) og inkjekjønn (nøytrum) i tillegg til hankjønn, men nokre dialektar skil ikkje mellom hankjønn og hokjønn, og har berre felleskjønn (genus commune) ved sida av inkjekjønn.

Hankjønn finst ved sida av hokjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab (nama, hottentottisk) eit språk i det sørlege Afrika, og ved sida av berre hokjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somalisk, koptisk, tamazight og hausa).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg