Ergativ er ein kasus i eit såkalla ergativ/absolutiv-språk. I setningar med både subjekt og objekt markerer ergativ subjektet, mens kasusen absolutiv markerer objektet. I setningar utan objekt markerer absolutiv subjektet.

Faktaboks

Uttale
ˈergativ
Etymologi
av gresk érgon (ἔργον) ‘verk, arbeid’

Til ergativ/absolutiv-språka er mellom anna grønlandsk, baskisk, kurdisk og mange australske språk.

Sidan kasusen ergativ berre blir brukt ved subjektet når setninga også har eit objekt, kan ein seie at ergativ berre blir nytta ved transitive verb, det vil seie verb som tar objekt. I setningar med eit intransitivt verb, det vil seie eit verb som ikkje tar objekt, har subjektet kasusen absolutiv.

Ergativ/absolutiv-språk versus nominativ/akkusativ-språk

I eit nominativ/akkusativ-språk har A (subjektet til eit transtivt verb) og S (subjektet til eit intransitivt verb) same kasus, nemleg nominativ, mens O (objektet) har ein annan kasus, nemleg akkusativ. I eit ergativ/absolutiv-språk har S og O same kasus, nemleg absolutiv, mens A har ein annan kasus, nemleg ergativ.

Ergativ/absolutiv-språka står i motsetnad til mellom anna såkalla nominativ/akkusativ-språk, der subjektet alltid står i nominativ og objektet i akkusativ. Ergativ/absolutiv kan illustrerast med baskisk og nominativ/akkusativ med polsk.

Det er vanleg å definere desse to systema på grunnlag av tre kategoriar som blir forkorta A, S og O:

  • A = subjektet til eit transitivt verb
  • S = subjektet til eit intransitivt verb
  • O = objekt

Som vist på figuren til høgre har nominativ/akkusativ-språk ein kasus (nominativ) for A og S og ein annan (akkusativ) for O. Ergativ/absolutiv-språk har derimot ein kasus (absolutiv) for S og O og ein annan (ergativ) for A.

Eit tredje tenkjeleg system, med ein kasus for A, ein annan kasus for S og atter ein annan kasus for O, er lite «økonomisk» og førekjem så å seie ikkje.

Ergativ og absolutiv i baskisk

Dei to baskiske setningane nedanfor viser korleis eit ergativ/absolutiv-språk fungerer; Xabier (eit mannsnamn) er subjekt i begge setningane, men har ulike kasus ved transitive og intransitive verb: ergativ ved det transitive, absolutiv ved det intransitive. Objektet har òg kasusen absolutiv.

'Xabier ynskjer kaffi'
SETNINGSLEDD: Subjekt Direkte objekt Verbal
KASUS: Ergativ Absolutiv
Xabierrek kafea nahi du
Xabier kaffi ynskjer
'Xabier bur her'
SETNINGSLEDD: Subjekt Adverbial Verbal
KASUS: Absolutiv
Xabier hemen bizi da
Xabier her bur

Nominativ og akkusativ i polsk

Kasussystemet med ergativ og absolutiv står mellom anna i motsetnad til eit system med nominativ og akkusativ, som er det vanlege i europeiske språk med kasus, mellom anna polsk og dei fleste andre slaviske språk. Nominativ markerer subjektet til både transitive og intransitive verb, medan akkusativ markerer det direkte objektet. Her er to polske setningar som viser korleis det fungerer:

'Lech ynskjer kaffi'
SETNINGSLEDD: Subjekt Verbal Direkte objekt
KASUS: Nominativ Akkusativ
Lech chce kawy
Lech ynskjer kaffi
'Lech bur her'
SETNINGSLEDD: Subjekt Adverbial Verbal
KASUS: Nominativ
Lech tu mieszka
Lech her bur

Språk med både ergativ/absolutiv og nominativ/akkusativ

Mange språk har ei blanding av ergativ/absolutiv og nominativ/akkusativ, mellom anna indoariske språk som hindi og urdu, der setningar med eit verb i preteritum perfektiv har eit ergativ/absolutiv-system, mens ein elles har eit nominativ/akkusativ-system, som illustrert med desse to setningane frå hindi:

SUBJEKT OBJEKT VERBAL
वह किताब लिख रहा था
vah kitāb likh rahā thā
han (nominativ) boka (akkusativ) heldt på og las (preteritum progressiv)
'Han heldt på og las boka'
SUBJEKT OBJEKT VERBAL
उसने किताब लिखी
usne kitāb likhī
han (ergativ) boka (absolutiv) las (preteritum perfektiv)
'Han las boka'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg