Artikkelstart
Afroasiatiske språk er ei gruppe på kring 375 levande språk som blir rekna som ein språkfamilie. Desse språka blir tala av over 300 millionar menneske i Afrika og Midtausten. Det er vanleg å dele familien i seks greiner:
Faktaboks
- Uttale
-
'afro-asiatisk
- Etymologi
-
av latin Āfer 'punisk, afrikansk' og latin Asiāticus 'asiatisk'
- semittiske språk, i Midtausten og det nordlege og nordaustlege Afrika, med mellom anna språka akkadisk, hebraisk, arameisk, arabisk, sørarabisk og fleire språk i Etiopia, mellom anna tigrinja, geez og amharisk;
- egyptisk (utdøydd) med gamalegyptisk (frå faraoisk tid) og koptisk;
- berberspråk i Nord-Afrika, med mellom anna tasjelhijt (sjilha), tamazight og tarifijt (rifisk) i Marokko, taqbajlit (kabylisk) i Algerie, siwi i det vestlege Egypt og tamasjek (tamasjeq) i Mali, Niger og det sørlege Algerie;
- kusjittiske språk, i Sudan, Etiopia og Somalia; med mellom anna oromo og somalisk;
- tsjadspråk sør for Sahara, i Niger, Nigeria, Kamerun, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken, med mellom anna hausa;
- omotiske språk, hovudsakleg i det sørlege Etiopia; med mellom anna wolaytta, kafa og aari.
Det er fleire usikre punkt i klassifikasjonen:
- Det er uklart om kusjittiske utgjer éi eller fleire greiner av afroasiatisk.
- Statusen til dei omotiske språka er omdiskutert. Somme forskarar meiner dei er kusjittiske. Andre deler afroasiatisk i to hovudgrupper, (i) erytreisk, med undergruppene semittisk, egyptisk, berbersk, kusjittisk tsjadisk, (ii) omotisk. Atter andre meiner at dei omotiske språka ikkje er afroasiatisk i det heile, og at dei utgjer fleire uavhengige språkfamiliar.
- Nokre forskarar har føreslått fleire ekstra greiner, som ongota i Sørvest-Etiopa og laal-laabe og kudsjarge i Sør-Tsjad.
Formuleringa «kring 375 levande språk som blir rekna som ein språkfamilie» først i artikkelen inneber at det ikkje er bevist at greinene ovanfor i det heile er i slekt med kvarandre.

Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.