Vokal er den eine av to dei hovudklassane vi har av språklydar, til skilnad frå konsonant. Vokal vert òg kalla sjølvlyd.

Faktaboks

Uttale
vokˈal
Etymologi
frå latin littera vocalis

Vokalen er som regel ein stemd lyd, med fri passasje for luftstraumen ut gjennom munnen langs midtlinja til tunga, utan høyrbar friksjonslyd.

Passasjen ut gjennom nasen er som regel stengtd ved at den blaute ganen er heva. Dersom den blaute ganen er senka, kallar vi det nasalerte vokalar. Eit døme er den franske ɛ-lyden i vin (IPA-lydskrift: [ɛ̃]).

Vokalar er som regel stavingsberande, i motsetnad til konsonantar.

Eit internasjonalt anerkjent system for klassifikasjon av vokallydar byggjer på dei såkalla kardinalvokalane og skildrar vokallyden med omsyn til

  1. stillinga til tungeryggen framme eller bak i munnen: fremre, midtre (eller sentral) eller bakre vokal;
  2. avstanden til tungeryggen frå munntaket: trong, halvtrong, halvopen eller open vokal;
  3. leppestillinga: urunda eller runda vokal.

Etter dette systemet er til dømes i i sil klassifisert som trong, fremre og urunda; a i tak og takk som open, bakre og urunda i dei fleste norske dialektane (i stavangerdialekten er a i tak og takk heller open, fremre og urunda); o i stove og å i våt som halvtrong, bakre og runda, o i godt og å i vått som halvopen, bakre og runda.

Vokalfirkanten er ei internasjonalt anerkjend framstilling av vokalane. Den er eit slags grovt kart over munnhòla, som syner korleis og kvar i munnen dei ulike vokalane vert artikulerte.

Ein sekvens på to ulike vokalar i same staving er ein diftong. Det er ein glidande overgang mellom dei to vokalane i diftongen. Nokre døme på diftongar er au i sau, øy i røys, ei i vei; i engelsk er det diftongar i orda now uttala [naʊ], here [hɪə], boy [bɔɪ], og i tysk i orda Haus [haʊs], heute [ˈhɔɪtə], sein [zaɪn].

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (5)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Når vokalen er fri stemmeutljod og konsonant er større eller mindre grad av innsnevring av pusten, tilseier ikkje det at ein har tre hovudklassar av språkljodar: vokalar, konsonantar og klikk? Klikk er jo ikkje i hovudsak påverka av kor fri pusten er.

svarte Jørgen G. Bosoni

Klikkeljodar vert produserte med full sperre mellom artikulatorane, sjølv om luftstraumen ikkje er pulmonisk. Derfor høyrer dei under konsonantane.

svarte Tor-Ivar Krogsæter

«Vokalen [har] fri passasje for luftstrømmen ut gjennom munnen langs tungens midtlinje, uten hørbar friksjonslyd.» «Fonetisk er en konsonant karakterisert ved at den har en eller annen innsnevring i passasjen for luftstrømmen.» Ingen av disse definisjonene legger vekt på artikulatorene, men heller luftstrømmen. Klikk defineres i dette leksikonet m.a. som «ikke-pulmoniske» og «velarisk ingressive språklydar», altså språklyder som dannes med innadgående luftstrøm som ved trykkforandring mot ganeseilet skaper en lyd takket være «andre fysiologiske mekanismar enn utgåande luftstraum frå lungene». Når nettopp luftstrømmen er sentral i definisjonen av både vokal og konsonant, synes det meg underlig at klikkelyder, som nettopp ikke bruker luftstrøm, slenges inn i konsonantkategorien, nærmest bare fordi det passer godt med Vestens lingvistiske tradisjon. Er dette virkelig ikke noe som engang har vært åpent for diskusjon innen lingvistikken internasjonalt? Hvis så, hadde det vært spennende om disse tre artiklene (vokaler, konsonanter og klikkelyder; kanskje også gjerne den generelle artikkelen om språklyder) hadde kunnet omtale en slik diskusjon. Nettopp lingvistisk diskusjon om kategorisering er jo svært sentral i omtalen av khoisanspråk, og klargjør at det er rom for å omtale forskningsmessige kontroverser her.

svarte Jørgen G. Bosoni

Klikkelydane brukar luftstraum, men straumen er ikkje pulmonisk.
Fonologisk sétt, om ein ser på rolla klikkeljodane speler i stavinga, so er det tydeleg at dei er konsonantar. Eg kjenner ikkje til at dei kan stå i stavingskjernen.
Alle spørsmål om klassifisering kan evt. takast opp med IPA https://www.internationalphoneticassociation.org/

svarte Jørgen G. Bosoni

Klikkelydane brukar luftstraum, men straumen er ikkje pulmonisk.
Fonologisk sétt, om ein ser på rolla klikkeljodane speler i stavinga, so er det tydeleg at dei er konsonantar. Eg kjenner ikkje til at dei kan stå i stavingskjernen. «Vokalen er som regel stavelsesbærende, i motsetning til konsonanten.». Klikkeljodar er ikkje stavingsberande.
Alle spørsmål om klassifisering kan evt. takast opp med IPA https://www.internationalphoneticassociation.org/

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg