Dette er ein presentasjon av dei språkfamiliane og språkisolata som ein må rekne med i Afrika dersom ein byggjer på strenge språkvitskaplege metodar, i første rekkje den komparative metoden.
Ein streng klassifikasjon indikerer at talet på språkfamiliar i Afrika ligg litt over 20. I tillegg finst det ein del språk som ikkje har påvist slektskap med desse familiane, og som difor må reknast som språkisolat. Talet kan vere høgare enn dei ni som er tekne med her. Dersom vi reknar med teiknspråka til døve, blir talet endå høgare; jamfør artikkelen Språk i Afrika. Utdøydde familiar og isolat er ikkje rekna med.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.