Kasus er ein grammatisk kategori som blir nytta til å uttrykkje «kven som gjer kva med kven» i ei setning. Kasus kan opptre som bøyingar eller som eigne ord.

Kasus spelar ikkje ei viktig rolle i moderne norsk; her blir heller ordstillinga brukt for å markere funksjon.

Kasus er vanlege i nokre germanske språk (til dømes tysk) og blir òg nytta i mange andre språk i verda.

Nokre vanlege kasus er nominativ, akkusativ, dativ og genitiv.

Eit viktig spørsmål i språkvitskapen er korleis ulike språk uttrykkjer «kven som gjer kva med kven». Kasus er ein av dei måtane språk uttrykkjer dette på, som i dette koreanske dømet:

Hyeng i kukcang eyse nay chinkwu lul mannasse. 

storebror NOMINATIV  teater LOKATIV min ven AKKUSATIV møtte 

«Storebror møtte venen min i teateret.» 

Setninga inneheld tre nomenfrasar – hyeng «storebror», kukcang «teater» og nay chinkwu «venen min» – og verbet mannasse «møtte». Kvar nomenfrase har ein kasusmarkør etter seg: (nominativ), eyse (lokativ) og lul (akkusativ). Desse kasusmarkørane er klitiske postposisjonar. Ein nomenfrase med kasuset nominativ har den syntaktiske funksjonen subjekt. Ein nomenfrase med kasuset akkusativ har den syntaktiske funksjonen objekt. Ein nomenfrase med kasuset lokativ har den syntaktiske funksjonen adverbial og fortel kvar handlinga skjedde. Dersom vi ønskjer å seie at det var venen min som møtte storebror i teateret, kunne det uttrykkjast slik:  

Nay chinkwu ka kukcang eyse hyeng ul mannasse.  

Min ven NOMINATIV teater LOKATIV storebror AKKUSATIV møtte 

«Venen min møtte storebror i teateret.» 

Nominativ er her uttrykt med markøren ka, som blir nytta når ordet føre endar på vokal, medan akkusativ er uttrykt med markøren ul, som blir nytta når ordet føre endar på konsonant

Medan koreansk og mellom anna japansk, burmesisk, hindi og kanuri uttrykkjer kasus ved hjelp av grammatiske ord, uttrykkjer andre språk – som finsk, russisklatin og kafa –  kasus gjennom bøying. Til den siste typen høyrer òg dei samiske språka – jamfør dette nordsamiske dømet: 

Áhkku attii mu villjii girjji. 

bestemor.NOMINATIV gav min bror.ILLATIV bok.AKKUSATIV 

«Bestemor gav ei bok til bror min.» 

Setninga inneheld tre nomenfrasar – áhkku «bestemor», mu villjii «bror min» og girjji «bok» – og verbet attii «(ho/han/det) gav». Áhkku har kasuset nominativ, og står i motsetnad til mellom anna akkusativ áhku og illativ áhkkuiVilljii har kasuset illativ, og står i motsetnad til mellom anna nominativ viellja og akkusativ vieljaGirjji har kasuset akkusativ, og står i motsetnad til mellom anna nominativ girji og illativ girjái. Akkurat som i koreansk viser nominativ at ein nomenfrase er subjekt og akkusativ er ein nomenfrase er objekt. Ein nomenfrase med kasuset illativ har den syntaktiske funksjonen adverbial og fortel om ei rørsle i retning av det som nomenfrasen viser til. Dersom vi ønskte å seie at det var bror min son gav ei bok til bestemor, kunne det uttrykkjast slik:  

Mu viellja attii áhkkui girjji. 

min bror.NOMINATIV gav bestemor.ILLATIV bok.AKKUSATIV 

«Bror min gav ei bok til bestemor.» 

Kasus som nominativ og akkusativ, som fortel at ein nomenfrase fungerer som subjekt eller objekt, blir kalla direkte eller strukturelle kasus. Kasus som lokativ og illativ, som fortel at ein nomenfrase fungerer som adverbial, blir derimot kalla inherente eller semantiske kasus. Eit anna døme på eit semantisk kasus er komitativ i nordsamisk, som mellom anna blir nytta om adverbial som er ein reiskap, som i dette dømet: 

Mu viellja gottii guovžža niibbiin. 

min bror.NOMINATIV drap bjørn.AKKUSATIV kniv.KOMITATIV 

«Bror min drap bjørnen med kniv.» 

Skiljet mellom direkte og inherente kasus er ikkje skarpt. I dei nordsamiske døma i førre avsnitt er nomenfrasar med kasuset illativ analyserte som adverbial, men dei kunne òg ha blitt analyserte som indirekte objekt. Når ein derimot nyttar illativ om ei rørsle i ei særskild retning, har vi utan tvil å gjere med eit adverbial: 

Nieida vulggii Guovdageidnui. 

jente.NOMINATIV drog Kautokeino.ILLATIV 

«Jenta drog til Kautokeino.» 

Koreansk og nordsamisk, som er omtala i tidlegare avsnitt, har eit kasus nominativ som blir nytta ved subjektet til både intransitive og transitive verb, medan kasuset akkusativ blir nytta ved objekt. Dette kallar vi eit nominativ/akkusativ-system. I motsetnad til dette står ergativ/absolutiv-systemet, som vi finn i mellom anna baskisk. Her er ergativ kasuset for subjektet til transitive verb, medan absolutiv er kasuset for subjektet til intransitive verb og for objekt. Dette er illustrert i desse setningane, der Elin er absolutiv og Elinek er ergativ av jentenamnet Elin

Elinek ondo hitzegiten du euskaraz. «Elin snakkar baskisk bra.» 

Elin hemen bizi da. «Elin bur her.» 

Elin ezagutzen dut. «Eg kjenner Elin.» 

I tradisjonell europeisk grammatikk, med røter i antikken, blir kasus definert som ein bøyingskategori, fordi europeiske språk som latin og gresk har kasusbøying ved mellom anna substantiv, adjektiv og pronomen. Døma ovanfor frå koreansk viser at denne definisjonen ikkje held, fordi mange språk uttrykkjer kasus med adposisjonar (preposisjonar eller postposisjonar). Ingen koreanske ord blir bøygde i kasus, men i koreansk grammatikk spelar kasus likevel ei viktig rolle.  

Det er vanleg å operere med eit skilje mellom kasus og adposisjonar, på det viset at språk som nyttar adposisjonar, blir påståtte å ikkje nytte kasus. Dette er likevel eit vanskeleg skilje å operere med, mellom anna fordi dette er inkommensurable storleikar – kasus er ein grammatisk kategori, medan adposisjon er ein ordklasse. I hindi blir direkte kasus som akkusativ og ergativ uttrykte med postposisjonar. I kastiljansk (spansk) står preposisjonen a føre eit bunde (bestemt) objekt som viser til menneske. I denne setninga er det mogeleg å analysere preposisjonane og de som kasusmarkørar (BA står for bunden artikkel): 

Conozco a los hermanos de María. 

Eg.kjenner AKKUSATIV BA brør GENITIV Maria 

«Eg kjenner brørne til Maria.» 

I det kastiljanske dømet ovanfor blir akkusativmarkøren a berre nytta om bundne (bestemte) objekt. Dette er eit vanleg fenomen, som vi mellom anna òg finn i tyrkisk. I tyrkisk blir kasus uttrykt gjennom substantivbøying, men akkusativ er berre uttrykt ved bunde objekt – jamfør desse setningane, der ordet for okse står i nominativ som ubunde objekt og i akkusativ som bunde objekt: 

Bir öküz aldı. 

ein okse.NOMINATIV ho/han.kjøpte 

«Ho/han kjøpte ein okse.» 

Öküzü aldı. 

okse.AKKUSATIV ho/han.kjøpte 

«Ho/han kjøpte oksen.» 

I den latinske konstruksjonen librī Cicerōnis «bøkene til Cicero» er librī «bøker, bøkene» overledd (hovud, kjerne) og Cicerōnis «til Cicero» er underledd (attributt). Dette er ein nomenfrase og ein possessiv-konstruksjon, der overleddet er possessum (det eigde) og underleddet er possessor (eigaren). Underleddet har kasuset genitiv, medan overleddet har varierande kasus, avhengig av funksjonen til heile konstruksjonen i setninga. 

Nokre lingvistar definerer kasus som ein grammatisk kategori som markerer den syntaktiske funksjonen til ein nomenfrase i ei setning. Med ein slik definisjon er ikkje genitiv eit kasus.  

Medan norrønt hadde fire kasus – nominativ, akkusativ, dativ og genitiv – spelar kasus ei perifer rolle i moderne norsk. Vi skil mellom ulike kasusformer ved nokre pronomen, jamfør ho (nominativ), henne (oblik) og hennar (genitiv), medan substantiv ikkje har kasusbøying, bortsett frå at nokre dialektar skil mellom nominativ og dativ ved bundne (bestemte) former, til dømes fjella (nominativ, bunden fleirtal) og fjellom (dativ, bunden fleirtal). 

Trass i at norske substantiv ikkje har kasusbøying (med unnatak av nokre dialektar, som nemnt over), har språket likevel ein s som uttrykkjer kasuset genitiv, jamfør uttrykket kongens båt. Denne s-en er ikkje eit bøyingssuffiks, men eit klitikon som kjem heilt til slutt i ein nomenfrase, som i [kongen av Danmark]s båt og [systera mi]s linjal, der possessor-frasen står mellom hakeparentesar. 

Ein kunne eventuelt argumentere for at norske preposisjonar uttrykkjer inherente (semantiske) kasus.

Mange språk markerer funksjonen på andre måtar enn med kasus. Eit vanleg alternativ er leddstilling, som mellom anna inneber at det einaste som skil subjekt og objekt, er posisjonen deira i høve til verbet. Dette ser vi i engelsk, der subjektet normalt står føre verbet, medan objekt står etter: 

The dog bit the cat. «Hunden (subjekt) beit katten (objekt).» 

The cat bit the dog. «Katten (subjekt) beit hunden (objekt).» 

Eit anna alternativ er verbkongruens, som i klassisk nahuatl. I denne setninga har verbet eit prefiks for subjekt og eit prefiks for objektet (BA står for bunden artikkel): 

Ni-qu-itta in pilli. 

Eg(subjekt)-ho/han(objekt)-ser BA unge 

«Eg ser ungen.» 

Og i denne har verbet eit prefiks for objektet (det finst ikkje noko prefiks for 3. persons subjekt): 

Nēch-itta in pilli. 

Meg(objekt)-ser BA unge 

«Ungen ser meg.» 

I generativ grammatikk operer ein med såkalla abstrakte kasus, som er eigenskapar ved nomenfrasar i djupstrukturen, til dømes slik at nomenfrasen the cat i setninga The dog bit the cat «Hunden beit katten» har det abstrakte kasuset akkusativ i djupstrukturen. Abstrakte kasus treng ikkje å bli realiserte som kasus i tradisjonell tyding i overflatestrukturen.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.