Nøytrum er det same som det grammatiske kjønnet (genuset) inkjekjønn.

Faktaboks

Uttale
nˈøytrum
Etymologi
av latin (genus) neutrum, ‘ingen av dei to (kjønna)’, det vil seie verken hankjønn eller hokjønn
Også kjend som

inkjekjønn, intetkjønn

Substantiv som tek det ubundne (ubestemte) determinativet eit og/eller som endar på -et i bunden (bestemt) eintal, høyrer til det grammatiske kjønnet nøytrum / inkjekjønn på norsk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg